Klikk på biletet for å sjå deltakaren i heilfigur.

Sigurd Svingen Aamotgard (19) er sint og skuffa over dommarane i årets FAME–sirkus. Sigurd er ein av dei som ikkje kom med vidare i talentshowet, og seier til TVNi at han føler seg urettvist behandla.

– Det er heilt vilt å måtte stå der inne i auditionrommet, og kome opp med ei låt sånn heilt på kommando. Eg hadde jo trass alt øvd inn ei låt, men så ville dei jammen ha ein til. Og kven hadde forutsett det, liksom? Seier ein opprørt og skuffa Sigurd.

Vidare hevdar han å få svært dårlege tilbakemeldingar frå dommarpanelet. – Det var den eine sleivkjeften etter den andre, seier deltakaren, og spyttar ut snusen. – Han der Harvey meinte blant anna at eg song som ei ku under fødselen, kva no enn det måtte bety?­­

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *