FAME-draumen over for Benny

Klikk på biletet for å sjå deltakaren i heilfigur.

Etter vekas FAME-episode var det diverre Benny som måtte forlate konkurransen. – Det er eigentlig ganske kjipt. Eg føler eg har mykje meir å gi, seier den utstemte 17-åringen Benny Antonsen.

Etter å ha framført ein flott versjon av songen «Miracle» av boy-bandet A1, verka det som om mange var sikre på at han kom til å gå vidare, men det viste seg at dommarane tydelegvis ville noko anna. – Eg er usikker på kva som gjekk gale. Kanskje det har noko med songvalet å gjere, då den ikkje er den mest kjende songen i verda, seier 17-åringen.

Eit bra utgangspunkt

For tida jobbar Benny i ein klesbutikk, men han har drive med musikk så lenge han kan hugse, og tek gjerne på seg spelejobbar av alle slag. Han vonar at FAME-deltakinga kan vere starten på noko større. – Uansett kva som skjer håper og trur eg at tida i FAME kan vere starten på ei større musikkarriere. Eg føler eg har fått vist fram mykje bra. Det er viktig å tenkje framover, seier 17-åringen. – Kven veit, kanskje melder eg meg på neste år også, legg han til.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *