Tor-Stian Bjørneset, Rakel Sefland, Ivar Kvalsund Gjuvsland og Vilde Eliassen med kor. Foto: Malin Nordby Kvamme
Tor-Stian Bjørneset, Rakel Sefland, Ivar Kvalsund Gjuvsland og Vilde Eliassen med koret avslutta Musikalen 2016. Foto: Malin Nordby Kvamme

Musikkelevane avslutta musikalen med eit smell! Etter ei veke med vinterferie, er dei tilbake på skulebenken.

Tekst: Anna Hjelle, Therese Aarskog og Maria Reite

Sander spelar i bandet Foto: Malin Nordby Kvamme
Sander spelar i bandet Foto: Malin Nordby Kvamme

– Musikalveka var ei veke fylt med utruleg mykje kjekt arbeid og følelsar!

Det seier Sander Gjertsen frå 2MU, som no er ferdig med sin andre musikal.

– No når vi har komt tilbake på skulen etter ei veke med ferie, og ikkje minst sakn etter å framføre meir, er alt mykje tyngre.

Han fortel at dei er nødt til å ta opp igjen alle faga som gjekk ut i musikalveka, og at det vert mykje prøver, framføringar og innleveringar i tida framover.

– Det som er ekstra kjipt med denne første veka etter musikalen, er at vi ikkje har musikkfag, utanom musikk i perspektiv. Det er kjipt no, men neste veke blir det veldig gøy igjen. Eg gler meg stort til å sjå igjen alle dei gode musikklærarane, og ikkje minst ha dei kjekke faga igjen!

Sander spelte i band i årets musikal. Han seier at meistringsfølelsen ein får under musikalen er noko han vil unne alle.

– Det er så utruleg kjekt å få fantastiske tilbakemeldingar etter fleire veker med slit og hardt arbeid!

Lina-Viktoria som nonne Foto: Malin Nordby Kvamme
Lina-Viktoria som nonne Foto: Malin Nordby Kvamme

– Å vere tilbake på skulen etter ferien er ei heilt anna verkelegheit, seier Lina-Viktoria Hovden Standal frå 3MU, som hadde rolle som nonne i musikalen.

Grunna all tida elevane brukte på musikalen har dei no ei såkalla “allmennveke”, der musikkfaga går ut.

– Under og etter musikalen var vi i ei boble, og delar av ferien vart brukt til å ”lande” litt. Du får eit lite kick når musikallåtar kjem på radio, eller du opplever musikalen på andre måtar.

Ho fortel at den fyrste veka tilbake på skulen var ganske tung, men at det som held tredjeklassen oppe er at dei i den neste veka skal til London på studietur.

Bernhard ryddar opp etter fest Foto: Malin Nordby Kvamme
Bernhard ryddar opp etter fest Foto: Malin Nordby Kvamme

– Å komme tilbake til vanleg skule etter musikalveka var eigentleg veldig rart! Sjølv om eg jo har hatt ferien til å «lande» på, er eg på ein måte fortsatt ikkje heilt ferdig med musikalen. Etter at det har vore det einaste du har tenkt på i ei veke er det overraskande vanskeleg å skulle omstille kroppen til å rekne matte, liksom.

Bernhard Pedersen i 1MU deltok på sin første musikal i år, der han har både dansa og stått i kor.

– På ein måte er det også litt deilig å være ferdig. Det krev mykje energi å skulle prestere sitt aller beste heile tida, så det å vere tilbake til det normale har eigentleg vore betre enn det eg såg føre meg. Men, når det er sagt, vil eg og legge til at om eg fekk sjansen til å gjere alt på nytt, hadde eg takka ja utan å nøle!

Vidare seier han at adrenalinrushet på scena og samhaldet mellom dei forskjellige klassene og lærarane, gjer at det verkeleg er verdt alt strevet!