Lyset er sløkt og dørene er stengt på Ørsta kulturhus. Etter ein stormande- og velfortent jubel frå publikum, gjekk sceneteppet att for siste gong under årets musikal.

Tekst: Malin Nordby Kvamme

Med eit mannskap på godt over hundre personar, klarte musikk- og medielinja nok ein gong å dra i land den tradisjonsrike musikalen. Etter seks fullsette salar og berre skryt å høyre frå publikum, kan alle dei involverte prise seg lykkelege med at dei har vore med på å skape noko fantastisk og unikt.

Det var blanda kjensler knytt til den siste framsyninga. I det sceneteppet gjekk att, kunne vi sjå kjenslene ta overhand og tårene trille på både elevar og lærarar. Å tenkje på at dette truleg er den siste musikalen tredjeklassingane får vere med på, i regi av Volda vidaregåande, var både vemodig og trist.

Det er lagt ned eit utal timar med hard jobbing og intens øving i førekant av ei slik oppsetjing. Ein fantastisk innsats, ustoppeleg engasjement og ikkje minst godt samarbeid, er det som best kan beskrive kva dei siste vekene har vore prega av.

Under framsyningane sitt musikklærarne på første rad for å sufflere, og passe på at alt går slik som det skal. Det er ei utruleg god og heilt spesiell kjensle å kunne sjå lærarane sitje der og vere så genuint stolte over- og glad i elevane sine. Vi kan sjå augene deira struttar av stolheit, og det med god grunn. Det unike samhaldet mellom elevane og lærarane, er det som gjer det mogleg å kunne setje opp ein så stor og profesjonell produksjon i skulesamanheng, år etter år.

Nedanfor kan du sjå eit biletgalleri frå framsyningane.

Trykk her for å kome til musikalen si Facebookside.