Foto: Guro Lindvik Velsvik

Mange kostymeskift – måtte lage ekstra scene

- Det er veldig betryggande for meg at dei laga ei ekstra scene for at eg skal rekke å skifte mellom scenene, seier Sigrid Terøy Finnes som spelar hovudrolla Satine i årets oppsetning av Moulin Rouge som hadde premiere onsdag.

Sigrid har ein travel dag torsdag, med blant anna lydsjekk og sminke.

- Eg har faktisk fire kostymeskift i løpet av framsyninga, og eg har veldig dårleg tid så av og til er eg faktisk nødt til å stå i trappa bak orkesteret å skifte før eg skal tilbake på scena, seier ho.

Med gårsdagens vellukka premiere framleis friskt i minne gjenstår fire framsyningar.

- Eg er litt rolegare i dag enn eg var i går, men litt nervar er det jo. Det er også litt press sida det er to framsyningar, og vi må gi alt på begge, avsluttar ho.

Om innlegget

Skrive av Hanne Elisabeth Lia

14. februar 2014

Nyhende