Kl 09.00 tysdag morgon hadde koret siste øving før gjennomkjøring av andre akt. Vi har snakka med dirigent og kor ansvarlig Siv Aurdal for å høyre kor koret ligg an i forhold til premiera. 

Siv fortel at ho synest at koret ligg ganske bra an, at dei er tidlegare ute med vanskelig stoff enn andre år. Og at dei kjem til å bli klar til premieren.

Årets musikal handlar om den unge forfattaren Christian som kjem til Paris for å ta del i den bohemske revolusjonen. Nattklubben Moulin Rouge, staden der både rike og fattige menn fer for å bli underholdt av vakre kvinner. I kulissene skjuler det seg ei mørk sanning, og dette blir opptrappinga til eit trekantdrama.  Kven veit, kanskje skjuler det seg enda fleire mørke krefter i kulissane?

– Det er veldig monge krevjande songar i årets muskal. Og det skal være veldig masse lyd i koret, det er masse opp og ned og veksling mellom mørke og lyse tonar. Men koret er så flinke at dette klarer dei kjempe fint fortel Siv.

Onsdag kl 19.30 brakar det laust i på scena på Ørsta kulturhus og koret er klar til å prestere på sitt beste.  Det er ikkje monge billettane igjen, og både onsdag og fredag er det fullsatt sal. Det er svært få billettar igjen så om du vil få med deg årets musikal må du kjappe deg å klikke deg inn på www.orsta.kulturhus.no for å sikre deg billett.

 

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *