Måndag denne veka vart all produksjon flytta frå klasseromma på Volda vidaregåande skule til Ørsta kulturhus. Timeplanen er fulpakka med øvingar av alle slag før det brakar laust onsdag kveld.

Elevane spring rundt i salen, nokre «halvklare» med kostymer, medan nokre i orkesteret spelar nokre strofer. Lærarar som framleis snikrar på sceneriggen og elevar som småpratar seg i mellom. Det er snart klart for gjennomgangen av første akt i si heilheit.

Det blir gjennomført lydsjekk i regi av ein lærar som slepp seg litt laus med mikrofonen. 30 minutter etter oppsett tid for gjennomføring går sceneteppet for. «Da begynner vi!» seier regissør Bente-Elin Johnsen, og sceneteppet går opp.

Det yrer av liv på scena. Elevane syngjer og dansar som dei aldri skulle gjort noko anna, men det er framleis ikkje alt som sit som det skal. Kvar og når skal den enkelte skodespelar komme inn på scena? Kvar skal dei plassere seg på scena? Korleis skal koret opptre til ei kvar tid, når skal dei stå og når kan dei sitje? Skal knappen på skjorta vere igjen eller åpen? Regissør Bente-Elin kjem med instruksar til elevane.

– Dagens gjennomkøyring gjekk fint. Vi fekk endeleg moglegheita til å øve på scena og bli vane til situasjonen. Den største utfordringa i dag var å halde seg ståande i koret etter eit par timar, seier Johannes Sætre (19).

Stemninga på scena er heilt formidabel, og den smitter over på oss som sit i salen. Det gir vertfall oss på medielina lyst til å danse!

– Vi ligg der vi skal vere. No har vi gått gjennom første akt, og i morgon skal vi fullføre andre akt. Om vi held fram med å jobbe godt og effektivt, trur eg vi kjem til å vere klar til premiere, avsluttar Johannes.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *