– Det eg gler meg mest til er kjensla av å skulle stå på scena tre dagar på rad for eit stort publikum, seier 16 år gamle Marlen Knotten frå Haddal. Ho og Tomas Håndlykken frå Ulsteinvik er to av om lag 100 elevar som skal på scena når Moulin Rouge blir presentert i midten av februar.

Dette er det nittande året med musikal, og elevane kan fortelje at dei gler seg stort til å delta.

– Eg gler meg mest til å oppleve heile prosessen, ettersom det har blitt sagt at det er veldig profesjonelt og skikkeleg gjennomført, fortel Tomas, som er med i musikalen for fyrste gong.

– Eg har også høyrt at det blir eit veldig bra samhald i musikalveka, seier han.

Musikalen er eit samarbeid mellom musikklina og medielina på Volda vidaregåande skule. Framsyninga handlar om miljøet rundt nattklubben Moulin Rouge i Paris, og er basert på filmen med same namn. 12. februar går teppet opp på Ørsta Kulturhus.

– Under musikalprosjektet er det viktig å påpeike at alle saman er like viktige, seier Marlen. Ho skal stå i kor på alle songane, bortsett frå eine songen der klassa hennar skal danse. – Det blir ikkje det same utan akkurat deg, fortel lærarane oss.

Tomas er snart 17 år, og i år skal han delta i koret, samt ha ein liten solodel på eine låta. – Eg har stått mykje på scena før og spelt veldig mange konsertar, så eg er ganske vant med det eigentleg.

16-åringen Marlen frå Haddal spelar trombone i korps og har trombone som hovudinstrument her på musikklina. – Musikklinna var garantert det rette valet for meg, fordi eg er veldig glad i å synge, spele og danse, seier ho.

Framfor ei så stor framsyning skulle ein kanskje trudd nervane stod i heilspenn?

– Nei det gjer dei ikkje, men eg veit nervane kjem til å kome sånn 10 minutt før første framsyning, fortel Tomas.

tomas-og-marlen

Tekst:
Lisa-Beth Haugen Rise og Evy Karoline Vatne.

Bilettekst:
Musikalrepresentantar frå Ulsteinvik. Foto: Guro Osborg Kvammen.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *