I forkant av generalprøva sit det mange forventningsfulle personar i salen. Pressegruppa har vore i kontakt med både vaksne og unge som er spente til å sjå årets musikal.
Jorid Vårdal er medialærar på Volda Vidaregåande skule, og er ein av dei som gledar seg mest.
– Eg har veldig høge forventningar, og eg håpar det er like bra som alltid. Tidligare så har eg jo fått sett litt på øvingane, men det har eg derimot ikkje i år, så eg veit ingenting om kva som skal skje.
I salen sit det også mkelevar, og Camilla Venes som går 1mk har gledd seg lenge til å sjå musikalen.
– Mine forventningar er store som mange andre, og eg har høyrt utruleg mykje bra, og håpar resultatet blir så bra som eg trur.
– Denne musikalen kjem til å bli utruleg bra, eg gleder meg, fortel Sigurd Vikene som går i same klasse som Camilla. Han fortel også at han veit elevane som skal framføre har jobba veldig hardt, og at resultatet blir bra.
Barneskuleelevar kjem og set seg ned i salen, og 13åringane har mykje å fortelje om sine forventningar.
– Eg gler meg så utruleg mykje, og eg trur den blir bra. Kanskje den beste eg kjem til å sjå nokon gong, ser Kristoffer spørjande på meg med eit stort glis.
Nathalie trur også at dette blir den beste musikalen ho nokon gong kjem til å sjå.
– Ja, eg trur vertfall den kjem til å bli veldig bra, avsluttar ho.