Dette seier Sigrid Terøy Finnes, som spelte hovudrolla som Satine, om musikalveka. Tre veker har gått sidan framsyningane på Ørsta kulturhus, men kapittelet er ikkje lukka og låst av den grunn.
– Musikalopplevinga var veldig bra, og eg sit igjen med mange gode minner, fortel ho.
Framsyningane vart filma, og skal i løpet av mars visast fram til alle involverte.
– Eg syns det gjekk bra å stå på scena. Det er jo litt press når du tross alt skal prestere på kvar einaste framsyning, men eg syns at alle var veldig flinke. Å sjå seg sjølv på scena blir nok veldig rart, men eg håper det blir bra. Det blir både spanande og skummelt, seier ho.
Sigrid nynner litt medan eg er oppteken med å notere, og tenkjer seg godt om før ho svarer.
– Mitt beste minne må vere skuleframsyninga der vi berre kødda og overraska alle saman! Premiera og siste framsyninga på fredagen var også veldig spesiell. Det er trist at det er over, avsluttar ho med eit smil.