– Eg gler meg utruleg mykje, seier Eirik Trovåg Bjørneset. For tre veker sidan gjekk sceneteppet igjen og om tre veker er det klart for premierefest for elevane.

Torsdag 27. mars skal elevane samle seg på studenthuset Rokken. Her får dei servert god mat og alle har på seg finklede.

– Det som skjer på årets premierefest er at ein får høve til å sjå heile musikalframsyninga pluss nokre smakebitar frå prosessen, seier Jan Terje Eidset.

På premierefesten får musikkelevane sjå seg sjølv for første gong frå akkurat denne settingen.

– Eg gler meg til å sjå meg sjølv og korleis eg framstår både som songar og skodespelar, sidan eg ikkje har sett meg sjølv frå publikum sitt perspektiv, seier Eirik Trovåg Bjørneset.

Helenah Mpanza Lindalen fortel at det er utruleg bra stemning på premierefestane. Ho har vore med på dei to siste åra. Denne kvelden held elevane frå tredje klasse ved musikk taler som er til lærarane, for å takke for tre år på musikklinja.

– Det blir utruleg trist med tanke på at vi aldri meir skal vere med på musikalen, men vi forlata musikklinja stolte over det vi har fått til.

Tidlegare har premierefesten vore i musikalveka og visning av framsyninga har vore seinare. Men denne gongen har alt blitt slått saman til eit.

-På denne premierefesten så får vi jo faktisk sett musikalen også, så dette blir vel enda betre, seier Helenah.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *