Linn frå design og Guro frå foto i full konsentrasjon med sine arbeidsoppgåver.
Linn frå design og Guro frå foto i full konsentrasjon med sine arbeidsoppgåver.

Tre veker har snart gått. Tre veker der vi på media har brukt fleire timar for dag på musikalen. Blod, sveitte og tårer har spruta dei siste vekene … Nei da, det er ikkje so gale.

Musikalprosjektet har hittil vore veldig givande for dei fleste, i alle fall for meg. Eg som prosjektleiar har storkost meg gjennom heile prosjektet. Det er jo veldig mykje arbeid som skal gjerast under eit slikt prosjekt. Vi er delt inn i seks grupper: foto, dokumentarfilm, fleirkamera, FX, design og presse. Og alle desse små gruppene utgjer ei veldig stor rolle i eit veldig stort prosjekt. Eg er prosjektleiar for alle desse gruppene, og det er den oppgåva eg vil fortelle dykk om no.

Å bli valt som prosjektleder var først og fremst ei stor ære. Men også eit stort ansvar. For skal Musikalen 2014 bli betre enn best, så må jo vi pressast litt. Men, eg er ikkje så veldig bekymra for dette, med tanke på kor flinke medelevane mine er. Hadde de sjåarane av musikalen vore klar oevr alle dei tinga den flinke, vesle «mediebedrifta» i klassa vår har gjort, så trur eg de hadde fått heilt hakeslepp. Som prosjektleiar er eg veldig stolt over klassa mi!

Det er no under to veker att til premiere, og vi har fortsatt mykje arbeid som skal gjerast. Men først skal vi ta helg med godt samvit, og prøve å slappe av. Vi har likevel mykje arbeid som skal gjerast i helga, men eg er sikker på at halvparten av klassa kjem til å bruke helga på å prøve å slå Simon sin rekord i «Flappy Bird». Som forøvrig er 101. 

_OST4985
Mykje å gjere, men likevel tid til til tøys og tull …

_OST4968

_OST4996

_OST4975
… og litt kos.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *