«PR-gruppa består av 8 elevar; 6 jenter og 2 gutar. Vår oppgåve er å marknadsføre, få tak i sponsorar, lage design til både programhefte, logo og plakat, lage innhold til websider,skrive artiklar til lokalavisene og reklamere via sosiale medium» forklarer Brynhild Dagslott som er gruppeleiar for PR. – Du kan kanskje seie at PR er linken mellom sendar og mottakar.
Dei siste vekene har PR jobba hardt med å lage ferdig logoen til musikalen. Det er ein lang prosess: dei har kasta titals utkast, og sit no igjen med ein ferdig logo.
I starten av prosjektet prata PR-gruppa med dei 3. klassingane som var på PR i fjor. «Eg forventa at det kom til å verte veldig mykje arbeid, sidan vi fekk vite det med dei som hadde PR i fjor, spesielt i byrjinga. Det vart like mykje arbeid som forventa, men det gjekk mykje betre enn forventa også.»
PR er no ferdig med plakaten, og er snart i mål med å skaffe sponsorar. Dei fokuserer no på å få publisert nyhende om musikalen i aviser og på nettsida.
Brynhild har store forventningar til musikalen. «Eg trur musikalen kjem til å verte veldig bra!»