Dag to i musikalveka er over, og sjølv om vi ser framgong, så er det framleis ganske hektisk på Ørsta kulturhus.

Kl. 08:30 – Dagen har starta, musikkelevane er på plass. Fyrste post på programmet i dag er å varme opp og så er koret klar til korøving.

Kl. 10:30 – Sceneprøver. Gjennomgang av dei ulike nummera og terping på replikkar. Framleis nokre tekniske utfordringar, men vi ser framgangen frå i går.

Kl.11:30 – NRK har kome på scena og filmar heftige close-ups av musikkelevar i aksjon.

-Vi er veldig glade for å få besøk av NRK, dette er andre gongen i musikalhistoria dei har vore her og filma. Difor har vi gått gjennom forskjellige songar for at dei skal få filme frå mange vinklar, fortel lærar på musikklinja, Hildur Sandstad Dalen.

IMG_9325

Kl.11:45 – Lunsjpause.

Kl. 12:05 – Kjell er handyman og snekrar kulisser på scena.

Kl. 12:30 – Øving med koret.
Planen no var eigentleg å byrje med gjennomgang av fyrste akt, men det er fortsatt mykje å få på plass. Difor vert det meir fokus på øving med koret akkurat no.

IMG_9429

 

Kl. 13.15 – Fotoshoot. No har vi satt i gong ein fotoshoot for å fotografere alle karakterane i musikalen.

Kl. 13:50 – No er elevane endeleg ferdig sminka og klare for gjennomgang av fyrste akt.

Kl. 15:40 – Gjennomgang av 2.akt startar. Nok ein lang dag på kulturhuset er snart forbi.