Generalprøvenervar

oppdatering

I dag er den store dagen! Det er premieredag, og på kulturhuset kan ein føle nervane lang vei. Men det betyr ikkje at alt sit som støypt, for på timeplanen står det fortsatt att ein del korøvingar og ei full gjennomkjøyring med overgangar. Rett no blir elevane instruert i bukking av danselærar og koreograf Renata. Det må også til 🙂

Omlag kl.13:00 er det klart for generalprøve. Delar av Volda vgs og ungdomskulane rundt omkring har blitt invitert, så det ser ut som om det blir full sal. Kjem replikkane til å sitje? Vil tonane gli ut rett? Lærarar og elevar er like spente, og ser fram mot kvelden med skrekkblanda fryd! Premieren i kveld er heilt utsolgt, men det er fortsatt nokre få ledige sete att på forestillingane i morgon. Om du kjappar deg rekk du nok å sikre deg ein billett du også.