Elevane ved Musikk, dans og drama og Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregående skule har dei siste vekene jobba knallhardt for å komme i mål med Musikalen 2012. Onsdag 15. februar brakar det endeleg laust.

Stemninga er spent i vestibylen

På bordet ved sidan av meg sit det ei gruppe musikkelever og øver inn ei låt, og ein ser klårt at dei er stressa. Eg sit i vestibylen på nedrebygget ved Volda vidaregående skule, den sosiale møtestaden for både musikk- og medieelevar i skulekvardagen. I dei siste vekene har dette vore ein arena for kreativitet og samarbeid. Mange elevar har i denne perioden jobba mykje lenger enn dei gjer ein vanleg arbeidsdag, nokon nesten dobbelt så lenge. Og når grupperom og klasserom er opptekne må elevane ta i bruk alle dei ledige lokala dei finn, noko som resulterer i at mange vel å sitje her.

Ei musikalsk arbeidspause

På pultane ligg det noteark og datamaskiner, omsverma av engasjerte elevar som er viljuge til å ofre alt for eit godt resultat. Rundt ein av maskinene er det samla ei større gruppe musikkelevar som alle står heilt stille og konsentrerer seg om det som skjer på dataskjermen. Rundt pianoet like ved står det to gutar og tek seg ein pause frå all øvinga. Den eine set seg brått ned og spelar nokre kjende tonar – kanskje dei einaste tonane som kan få musikkelavene si merksemd akkurat no. Når dei kjem til refrenget er heile vestibylen i allsong, og både musikk- og medieelevar syng for full hals: «Fame! I´m gonna live forever!»

Bandet øver meir enn nokon gong

Like utanfor skulen ligg det nokre rare bygg. I desse brakkene, populært kalla musikkbingar, held bandet til. No som premieren er like rundt hjørnet tilbringer bandet meir tid her enn nokon gong, og bandmedlemmane jobbar på spreng for å perfeksjonere songene dei snart skal framføre for fullsette salar. Ein høyrer allereie 50 meter frå bygget at det vert spelt musikk, og ettersom ein kjem nærare vert det berre høgare og høgare. Når eg grip i dørhandtaket kjenner eg ganske fort at heile brakka vibrerar, her vert det nemleg spelt for fullt.

Når eg etter kvart går inn døra blir eg truffe av ei god blanding varm luft og lydbølgjer. Her sit nemlig seks gutar og gir alt. Ein ser derimot ikkje mykje av dei, ettersom rommet også er fullt av flittige medieelevar som dokumenterer kvar minste del av arealet og arbeidet. Her kjem musikarane til å tilbringe mesteparten av helga før det endeleg brakar laust.

Ikkje stressa i det heile

Eit av bandmedlemmane er Simen Bjørdal (17) som meiner dette er eit av dei mest lærerike prosjekta han har vore med på.

– Vi starta faktisk øvingane for fire månadar sidan, og har jobba individuelt med låtane sidan då. Det viktigste for oss er at vi klarer å halde roa, og ikkje blir stressa om samspelet ikkje er heilt på topp under dei fyrste fellesøvingane. Når eg spør om han er stressa smiler han berre.

– Eg er for øyeblikket ikkje stressa i det heile. Eg var med på musikalen også i fjor, og veit av erfaring at alt mest truleg går bra til slutt. Med flinke medelevar og engasjerte lærarar skal dette utan tvil bli ein strålande musikal.

Grur seg litt til å danse

Ein som ikkje spelar i bandet, men syng i koret og dansar, er Bendik Mork Folkestad (16). Han gler seg veldig, men er spent på dansenummeret.

– Det er utruleg å sjå korleis både dansegruppa og koret har utvikla seg frå byrjinga av prosjektet til no. Dette er mitt fyrste år med musikalen, så eg er utruleg spent på korleis det heile vil foregå på onsdag, men eg er viss på at det vil gå strålande. Eg er derimot litt spent på dansinga, ettersom eg eigentleg spelar bass.

Gler seg

Ein som ikkje spelar i bandet, men syng i koret, er Markus Saunes (17). Han seier han gler seg til premiera.

– Eg var med på musikalen i fjor, så eg kjenner prosedyren. Mykje øving, mykje stress og masse moro. Både lærarar og elevar står på så godt dei kan, og øver både på skulen og på fritida. Det er utruleg deilig å sjå at ting endeleg fell på plass, me er snart klare heile gjengen. Eg gler meg heilt sjukt.

– Vi er nesten som ei stor familie

Ei som ikkje spelar i bandet, men syng i koret, er Janne Katrin Hansen Sævik (17). Ho meiner prosjektet er utruleg lærerikt og spanande.

– Stemninga er på topp, det trur eg alle kan seie seg einige i. Vi i koret er kanskje ikkje like stressa som dei i hovudrollene, men å framføre noko på ei scene er alltid utfordrande. Når alle samarbeider og støttar kvarandre er det derimot ikkje noko problem, vi på musikklina er nesten som ei stor familie.

Tekst: Christian Castberg. Foto: Emilie Rætta og Randi Nordnes.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *