1. klasse ved Service og samferdsel-lina arbeider med ein kafé som skal vere open under alle framsyningane. Dei står for alt av planlegging, produksjon og sal, leia av lærar Atle Mostad. Dei er opptekne av eit godt samarbeid med medielina, noko som har blitt betre og tettare dei siste åra.

– Når det gjelder arbeidsprosessen er vi ganske nær målet, seier elevleiar Mustafa Sharifi i 1SA. Vi har mange engasjerte og flinke elevar som driv med forskjellige oppgåver. Vi er mellom anna ferdige med meny, uniform, leige av lokale og har skaffa betalingsterminal. Vi skal fint klare å bli ferdige i tide, og tidspress er ikkje eit stort problem, sidan vi la ein god plan for arbeidet heilt i byrjinga av prosessen. Som leiar har eg mange oppgåver og den viktigaste er å hjelpe andre avdelingar med deira oppgåver. I tillegg skal det skrivast kontrakter, sponsoravtaler m.m. Det er ei veldig kjekk oppgåve å være leiar for eit slikt prosjekt, meiner Mustafa.

– Kaféen vår består av fleire tilsette i forskjellige stillingar. Vi har valt å gjere det på denne måten sånn at vi kan lære akkurat korleis ein startar opp ei bedrift. Sjølv gjer vi alt arbeidet, som å skaffe bankterminal, setje opp budsjet, skrive pressemelding og så vidare.

Det er kjempekjekt å få bruke teorien vi har lært i eit prosjekt som dette, seier Helene Alexandra Heggdal, marknadsføringsansvarleg i 1SA.

Lærar Atle Mostad og elevane oppmodar publikum til å vitje kaféen på kulturhuset i pausen, og unne seg noko godt å ete og drikke mellom aktene.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *