Medielinja har kome langt i arbeidet med musikalen. Heile klasse 2MK1 er delt inn i fleire grupper, og her har leiarane kome med kvar si oppdatering.

PR-gruppa

– Prosjektet har til no vore utruleg krevjande. Vi på PR har stått for logoen, sponsorringing og marknadsføring, og vi er godt på veg! Alle på gruppa har jobba knallhardt og vi byrjar endeleg å sjå resultatet av alt arbeidet.Vårt viktigaste arbeid er endelig over, så vekene framover blir nok ein del meir avslappende enn vekene som har vore. Det er no ein tenkjer at det harde arbeidet verkeleg var verdt det, seier Christian Castberg, leiar for PR-gruppa.

Dokumentarfilmgruppa

– Vi på dokumentarfilmgruppa ligg veldig godt an! Vi har mykje filmmatriale, men manglar intervju og film frå sjølve musikalveka. Så det er dette vi førebur oss til no. Vi har hatt nokre avslappende veker, så i motsetnad til PR kjem vekene framover til å bli stressande. Men vi trur, og i alle fall håpar at resultatet blir bra, seier Ida-Marie Fiskaa, leiar for dokumentarfilmgruppa.

Fotogruppa

– Fotogruppa ligg ganske godt an i høve planen. Vårt ansvar er å dokumentere det som skjer bak kulissene, både frå medie- og musikklina si side, samstundes som vi samarbeidar med dei andre gruppene med tanke på pressefoto, webside, bilete til dei digitale kulissane osv. Det største ansvaret vårt var å samle musikkelevane til ein fotoshoot, der bileta skulle brukast til ymse grafiske produkt.

Det vi er nøydde til å tenkje på og førebu oss til no er å fotografere sjølve musikalen. Det blir utfordrande å få gode bilete, men eg trur eg snakkar på vegner av heile gruppa når eg seier at det kjem til å bli strålande, fantastisk og erfaringsrikt, seier Emilie Rætta, leiar for fotogruppa.

FX-gruppa

– FX har heile prosjektet hatt som oppgåve å filme alle dei ulike scenene som skal visast på skjermen bak skodespelet på scena. Vi har jobba hardt med dette i ei god stund, og har endeleg blitt ferdig med filminga, men vi er langt i frå ferdig. I stunda framover må vi på FX fokusere på å få redigert alle klippa, setje dei saman og gjere klippa klar for framsyning.

Det ser ut til at ting går som forventa og at dette blir ei oppleving utan sidestykke med fantastiske menneske, energi, glede og liv, seier Are Sætre, leiar for FX-gruppa.

 

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *