Det er no under ei veke til premieren av Fame. Vi tok ein prat med musikkelevane Maria Elin Hustadnes, Kjetil Hallaråker og Ingvild Beate Skogly om korleis dei opplever arbeidet med musikalen så langt.

– Eg er ikkje av dei som har mest å gjere, så sånn sett ligg eg ganske så bra an med mitt arbeid! Det einaste eg er stressa over no er dansen som vi på gruppa ikkje har kome i mål med enno, men den MÅ sitje til i morgon, så det skal vi fikse! Elles hjelper eg Bente-Elin ein del, så eg er på ein del øvingar av scener som ikkje er ferdige enno, men dei også kjem garantert til å kome i mål i tide, seier Maria Elin Hustadnes.

– Å arbeide så nær mine medelevar er kjempegøy! Eg elskar stresset, og alt går jo ut på å dramatisere, synge og danse, så det er kjempegøy. Det er sjølvsagt nokon som er meir engasjerte enn andre, og som jobbar hardare enn andre. Men eg likar å vere litt bossy, så det passar meg eigentleg berre bra!

Stemninga i klassa er heilt topp! Vi har veldig lange dagar, så dei fleste er ganske slitne om dagen, men det resulterar for det meste berre i at alle spring rundt og er crazy og overtrøytte! Med andre ord; vi har det kjempegøy, konkluderar Maria Elin Hustadnes entusiastisk.

Kjetil Hallaråker og Ingvild Beate Slettevoll Skogly, som spelar Ralph og Sarah, var i veldig godt humør då vi snakka med dei tidlegare i dag.

– Heile prosjektet har hittil vore veldig kjekt, men også veldig tidkrevjande. Vi i 2MU har blitt mykje betre kjende med dei i 3MU, noko som eg tykkjer har vore det kjekkaste til no. Vi blir sjølvsagt slitne, men det er verdt det med vennskapet og kunnskapen vi får i bytte.

Vi grur oss veldig til det er over, men samstundes kan ein ikkje halde på med eit slikt stress altfor lenge. For oss to som har kjærestar frå før, er det litt rart å spele med nokon andre, men det er også litt kjekt, ler Kjetil og Ingvild.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *