Musikklinja og medielinja ved Volda vidaregåande skule arrangerer no musikalen for 16. gong. Dette er eit svært viktig prosjekt for elevar og lærarar, men det er og ei stor hending i det lokale kulturmiljøet.

Eit så omfattande og ressurskrevjande prosjekt som musikalen kostar mykje pengar og er rett og slett ikkje gjennomførbart utan hjelp og stønad frå det lokale næringslivet. Kreftene bak musikalen vil difor rette ein stor takk til hovudsponsorane Sparebank1 og Sparebanken Møre, samt dei andre sponsorane i regionen som økonomisk har gitt dei ei hjelpande hand.

Saman med lærarkreftene har elev på medium og kommunikasjonslinja, Janne Seljeseth Dybvik (17), hatt hovudansvaret for å få på plass dei økonomiske rammene.

– Eg er utruleg nøgd med dei lokale bedriftene sin innsats og haldning til prosjektet. Eg har frå dag ein i prosjektet jobba med sponsorarbeid, og det har ikkje vore heilt enkelt. Med kort tidsramme og nesten seks sider med aktuelle sponsornamn har det blitt mange telefonar og e-postar. Heldigvis gjekk arbeidet strålande takka vere gode medelevar og imøtekommande bedriftsleiarar.

Økonomiansvarleg for prosjektet, musikklærar Kjell Dale, fortel at fokuset i år ikkje har vore å skaffe seg ein stor hovudsponsor, men heller å få representert ei stor geografisk breidde blant sponsorane. – Elevar frå heile regionen vert synlege på scena, og vi tykkjer at det er positivt at også næringslivet frå heile regionen vert synleggjort i samband med musikalen.

Banksjef Mette Ryste i Sparebanken Møre ser det som viktig å vere ein aktiv bidragsytar i lokalmiljøet.

– Vi er glade og stolte over å få vere med å bidra til at Volda vidaregåande skule kan setje opp ein slik musikal. Vi har vore med å sponsa også tidlegare år, og dermed var det enkelt for oss å takk ja når spørsmålet kom. Det kulturelle mangfaldet er viktig, og det at unge får utvikle seg og vere med på eit så profesjonelt opplegg er flott. Vi gleder oss stor til framsyninga, og ønskjer alle lukke til, avsluttar ho.

Også Vidar Egset hos Sparebank 1 synest musikalen er eit svært godt tiltak frå skulen si side. – Her får elevane brynt seg skikkeleg. Dei jobbar fram mot eit konkret mål og får utøve sine talent framfor eit stort publikum. Det vert jobba mykje og hardt fram mot premieren, men vi er sikre på at elevar og lærarar synest dette berre er moro. Egset understreker viktigheita av læringa som skjer under slike prosjekt. – Dette er viktige verdiar og erfaringar å ta med seg vidare i livet. Slike kreative tiltak har vi stor sans for og det er difor naturleg at vi støttar slike positive tiltak – saman får vi ting til å skje.Tekst: Christian Castberg. Foto: Randi Nordnes.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *