Musikal for 15. gong

I år arrangerar Volda vidaregåande skule musikal for 15. gong. Fjorårets musikal hadde stor suksess blant publikum, noko som har gitt deltakarane i årets musikal noko å leve opp til.

Samarbeid mellom musikk- og medielina

Den omtalte musikalen er eit prosjekt som musikk- og medielina ved Volda vidaregåande skule har kvart år. Dei to linjene spelar kvar si vesentlige rolle i dette prosjektet, der musikklina står for dramatisering, musikk, song og dans, og medielina for digitale kulisser, samt synleggjering av musikalen. Dette gjer dei gjennom ulike medieprodukt, deriblant webside, plakat, radioreportasjar, avisartiklar, dokumentarfilmar og foto.

På biletet: designteamet v/ Medielinja. F.v.: Karina Petrova, Edel Susann Bjørkedal, Lene Myklebust, Malene Vatnehol.

Eit varemerke for skulen

Musikalen er eit prosjekt som er blitt brukt for å gi musikk- og medielinja moglegheita til å vise sine kunnskapar og ferdigheiter til eit større publikum. Musikalen er blitt eit varemerke for Volda vidaregåande skule, sidan det er den einaste skulen på Sunnmøre som arrangerer dette kvart år. Skilnaden frå musikalen til Volda vgs. og andre i nærleiken er at dei ikkje har verken dramalinje eller danselinje, slik dei har både i Ålesund og i Sandane. Volda har berre dette tilbodet på vg1, noko som betyr at under musikalen vil dans og drama bli tona ned. Noko som også er spesielt med Volda vgs. sin musikal er at dei har elevar frå heile Søre Sunnmøre, deriblant elevar frå Ulsteinvik, Ørsta og Volda.

Har trua på The Beatles

Hildur Sandstad Dalen spelar ei viktig rolle under musikalen der ho arbeider med solistane og koret.

– Eg har veldig trua på årets musikal, for eg har trua på The Beatles som låtskrivarar og som appell til veldig mange aldersgrupper. Det vi har gjort, er å skape vårt «eige», basert på songar frå The Beatles og frå filmen «Across the univers». Vi syngjer ikkje songane på same måte som The Beatles gjorde i det heile tatt, vi lagar heilt eigne versjonar. Det som også er annleis er at det er mange jenter som skal vere solistar, noko som forandrar heile biletet.

På biletet: dei fire hovudrolle-innhavarane i årets musikal.

F.v: Gunnhild Elin Simmones, Sondre Grimstad Arnesen, Eivind Lystad Grimstad, Ida-Therese Egset.

Med dette vil vi meddele at du herved kan byrje å glede deg til framsyninga av årets musikal, då premieren er den 22. februar

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *