Førpremiere på Ørsta Amfi

For fyste gong i samband med Musikalen, som årleg blir arrangert av Volda vidaregåande skule, skal det bli halde ei førpremiere på Amfi i Ørsta. På førstkomande torsdag blir det synt fram eit utdrag på 20 minutt frå årets musikal «Hello/Goodbye», med solistar, orkester og vokalgruppe. Framsyninga vil starte kl. 17:30 inne på Amfiet. For meir informasjon og oppdateringar kring musikalen, kan du følgje med på www.musikalen.no.

Senterleiar hjå Ørsta Amfi, Peder Lid, er veldig positiv til at dette vil bli realisert.
- Eg har prøvd å få til eit slik samarbeid i nokre år, og er glad for at vi endeleg har fått det til. Dette blir kjempebra!

Innlegget er i kategorien Featured, Nyhende.
blog comments powered by Disqus