Bilete Bilete Bilete Bilete
Klikk på bileta for å gå vidare til biletgalleriet...

Handlingsreferat

Grammatikk og kjærleik er namnet på musikalen musikklinja ved Volda vidaregåande skal framføre i år.

Musikalen følgjer Ivar Aasen i ymse stadier av livet, heilt frå han er ein liten gut, til han blir ein gammal mann.

Då Ivar var liten budde han saman med mora og søskena sine. Han var minstemann i flokken, og interesserte seg meir for bøker og kunnskap enn for gardsdrift. Det førte til at han snøgt lærte seg å lese og skrive.

Då mora døydde, blei det vanskelegare for Ivar. Søskena hans ville at han skulle vere heime å hjelpe til på garden i staden for å reise ut og utdanne seg. Men Ivar mislikte livet på garden og drøymde om å reise ut i verda for å skaffe seg ei utdanning.

Då søskena til Ivar såg kor ulukkeleg Ivar var heime, ombestemmde dei seg, og let Ivar reise ut for å gå i lære hjå ein høgt utdanna og velståande prost.

Der møtte Ivar sin store kjærleik, men det gjekk ikkje lenge før Ivar bestemde seg for å leggje ut på ei spanande reise, og freiste å samle språket i Noreg...

Musikalen inneheld både dans og song, alt framført av elevane ved musikklinja.

Til Toppen