Bilete Bilete Bilete Bilete
Klikk på bileta for å gå vidare til biletgalleriet...

Grammatikk og Kjærleik

Idé- og tekstforfattar til ”Grammatikk og kjærleik”.

Stykket tek føre seg Ivar Aasen sin barndom, ungdom og arbeidet hans med å skape eit skrift språk basert på norske dialekter. Det er teke omsyn til at ei stor gruppe skuleelevar skal aktiviserast. Manuskriptet har integrert nokre av Aasen sine eigne tekstar i form av ordtak, dikt og strofer frå songar. Dei biografiske elementa i forteljinga er korrekte, men framstillinga av Ivar Aasen gjennom song og musikk, kviler på utsegn i boka «Ivar Aasen i kvardagslaget» av sambygdingen Anders Hovden. «Aasen var ven-elskjen og lagskjær. Aldri treivst han betre enn i godt venelag. Då losna tungebandet hans og han skjemta so du lite kunne få eit alvorleg ord av han.» Vidare nemner Hovden at Aasen var glad i musikk, og at han komponerte songar ved å synge dei. Vi har prøvd å skape dramatikk og musikk som skal høve til ei framsyning i dag. Vi får tru at hovudpersonen hadde kome til å like framsyninga, og at du som publikum får eit interessant og underhaldane innsyn i livet til Ivar Aasen.

Astri Eidseth Rygh/Svein Olav Blindheim

Å arbeide med eit verk av lokale kunstnarar, basert på lokal historie er nytt for oss. Det har lært oss mykje og ikkje minst gitt oss kjærleiken til hovudpersonen Ivar Aasen. Regissørar og koreografar har teke omsyn til at manusforfatt ar har lagt føringar for arbeidet deira. Vi ynskjer vårt trufaste publikum ei god oppleving!

Musikk, dans og drama

Astri Eidseth Rygh, Idé- og tekstforfattar

Astri har etterkvart ei brei røynsle innanfor mange kunstretningar som femner om målarkunst, performance kunst, scenografi , pantomimeteater, installasjonar, samt film- og videoproduksjonar. Ho har òg skrive to bøker om kunst og kommunikasjon.






Svein Olav Blindheim, Musikar/komponist

Svein Olav har samarbeidd med Astri Eidseth Rygh før og skrive musikken til to av hennar kortfilmar. Han har budd mange år i Volda, der han var med i mange lokale band med spennvidde frå folkemusikk til jazz. Som musikar har han delteke på mange plateproduksjonar med kjende norske artistar. No er han busett i Hønefoss, der han stadig er involvert i musikkteater som både komponist musikar. Han har fått fleire musikkstipend og prisar for arbeidet sitt.

Til Toppen