– Rekk opp handa, alle de som kan stable på beina noko liknande som musikklina ved Volda VG skule har gjort i tjue år!
Slik innleier Arne Ola Grimstad omtalen av årets musikal, og held fram:
«Be our guest!» Ver vår gjest! I tjue år har musikklina ved Volda VG skule uttrykt dette. Ver vår gjest-, frå den noko famlande start med teknisk utstyr lånt heimanfrå, til i dag, då elevane, lærarane, både på musikklina, men også på medielina, har stabla opp eit så proft opplegg at ein skal reise lenger enn til «bya» for å finne noko betre. Med raffinerte digitale kulisser, med eit spektakulært lysshow, og med aktørar som gjer nesten det umoglege mogleg, inviterer dei i år: Be our guest!
Les heile omtalen nedanfor, og – om du ikkje har skaffa deg billett til Sjøborg kulturhus (tysdag 10. februar) eller Fosnavåg konserthus (12. februar) – der er framleis billettar att!
Av Håvard Krøvel-Velle.