Det seier Kjetil Eiksund som siktar til samarbeidet mellom dei to linene som står bak musikalen på Volda vidaregåande skule.
(Artikkelen stod på trykk i Møre og Møre-Nytt 1. februar 2014)
I neste veke kan du sjå plakatane for musikalen henge rundt om i distriktet og Kjetil Eiksund som er prosjektansvarleg kan, med litt nervøsitet i stemma, fortelje at musikalen i år blir mykje større enn tidlegare. I år er orkesteret mykje større enn tidlegare, og musikalen byr på mykje variert musikk med forskjellige sjangrar.
– Orkesteret er blanda med elevar frå fyrste-, andre- og tredjeklasse, og det har ikkje vore like vanleg andre år. Vi har også ei blåsegruppe som gjer at orkesteret krev meir øving enn tidlegare, seier Kjetil.
Det er knapt to veker att til premiere, og koret i musikalen manglar 2-3 sangar som dei ikkje har fått øvd på enda.
– Eg føler vi ligg lenger bak skjema enn vanleg, men dette er noko eg føler kvart år, fortel Kjetil samtidig som han dreg litt nervøst i genseren sin.
Han seier at det er like spanande kvart år, og at det blir øving til siste minutt.
– Det er ein intens periode, og solistane har øvd jamnt gjennom heile prosjektet, fortel Eiksund.
Medielina bidreg til musikalproduksjonen mellom anna med å lage digitale kulisser, programhefte og nettsider. Akkurat no er dei godt i gang med siste finpuss av plakaten, og allereide neste veke blir dei hengt opp rundt i distriktet.
– Plakaten formidlar historia i musikalen på subtilt vis, fortel Håvard Krøvel-Velle som er medielærar ved Volda vidaregåande skule. Kjetil er nøgd når det kjem til samarbeidet med medielina, og føler dei løfter opp produksjonen.
– Saman er vi dynamitt, avsluttar han med eit smil rundt munnen.