Etter mange veker med hardt arbeid av både musikkelevar og medieelevar er premièrekvelden endeleg her. Vi har snakka med regissør Bente-Elin Johnsen om arbeidsprosessen i musikalvekene.

Tekst: Joanna Sheridan og Dorthea Moen

Dei siste vekene har vore harde og slitsame, men også kjekke. Vanlegvis har eg fire eller fem skodespelarar å forhalde meg til, men i år har eg hatt heile 14 personar! Det krev veldig mykje kontroll og konsentrasjon, men eg trur eg har klart å halde styr på alle saman. Eg blir eigentleg litt sliten av å ikkje heilt å ha struktur, men det har ikkje noko med elevane å gjere!

I år har musikalen eit nytt konsept, og det er nettopp det Bente-Elin synest er så bra med musikalen.
Det at vi har køyrt eit heilt anna konsept enn dei tidlegare musikalane, som gjer at dei ikkje kan samanliknast, er ein god ting. På 80-talet var eg fjortis og forelska i Leroy, så for meg er FAME kjempestort. Elevane kan relatere seg til rollene dei spelar også. Dei ynskjer å kome seg vidare innan alt som har med musikk å gjere, og jobbe vidare med det.

Musikalen har blitt produsert av både musikk- og medielinja, slik det har vore dei siste åra. Bente-Elin synest dette samarbeidet er spanande, også for henne som fagperson.
Det er veldig spanande å følgje arbeidsprossen til medielinja. Eg får meir innblikk i kva som skjer og kva dei gjer. Eg har vore både ein drama- og ein medielærar dei siste vekene. Begge skulelinene samarbeider så godt at dei har blitt til ein stor gjeng.

Eg gler meg til premieren i kveld når eg kan skryte ærleg og oppriktig av alle som har deltatt i musikalen 2012.

 

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *