Manusforfattar for musikalen 2011


Det er måndag, og musikalveka er i gang for fult. Jan-Terje Eidset kjem ut frå salen, der det er passe tett luft av all scenerøyken og alle folka der inne. Han ser litt stressa ut, samstundes som han har eit roleg preg over seg. Vi set oss i gangen på kulturhuset i Ørsta, der det er eit par grader kaldare, og atmosfæren er relativt meir fredelig enn i salen. Svakt i bakgrunnen høyrar ein musikkelevane sin versjon av ”Penny Lane” av The Beatles.

Eit perfeksjonistisk manus
Jan-Terje beskriv seg fyrst og fremst som ein perfeksjonist. Han likar å ha orden på ting, og han likar helst å ha det på sitt vis. Han seier at han kan definerast som ein kontrollfrik. Jan-Terje interesserar seg i mykje forskjellig, nettopp difor har han det med å involvere seg i mange ting samtidig. Han tykkjer at det er kjekt at has meiningar og idear kjem på trykk, og blir gjennomført på rett måte.

Når ein har fått utdelt ei så stor oppgåve som å skrive eit manus, er det veldig viktig å ha eigenskapane som Jan-Terje har; det å ha bestemte meiningar om ting, men på same tid vere samarbeidsvillig og vere open for nye idear. Det er ikkje tilfeldig at dei har valt ut ein som Jan-Terje til akkurat denne oppgåva!

Tolmod og kreativitet
Jan-Terje byrja med manuset allereie i september, og han gjorde ferdig førsteutkastet i byrjinga av desember. Han endra på dette førsteutkastet heilt til juletider, og gjorde det ferdig rundt julaftan. Idéen om temaet til årets musikal har vore prata om allereie rundt fjordårets musikal, så emnet har vore diskutert ei god stund.

Dette året har han stått friare til enn i fjor, då han skreiv manuset til musikalen dei då hadde, som blei kalla for ”Moonwalker”. Det tykkjer han er kjekt, fordi då kan han bruke kreativiteten endå litt meir, og skrive akkurat det han vil.

Ein slepp å halde seg til ein bestemt regi. Det einaste han hadde å gå utifrå var filmen ”Across the universe”. Denne filmen har vore utgangspunktet i musikalen i år, og han har klart å realisere filmscener frå denne filmen, til scena på kulturhuset i Ørsta. Om ein ser denne filmen kjenner ein seg med ein gong igjen i musikalen, noko som er veldig bra gjort av manusskrivar Jan Terje. Han legg også til at det har vore ein utruleg kjekk skriveprosess.

”Som ei potet”
Jan Terje har ikkje berre halde på med manuset. Han er ein erfaren lydmann, og har jobba med lyd i fleire år. Derfor tek han på seg oppdrag som blant anna å lage lydar som skal brukast i filmane som blir vist i bakgrunnen på lerret under musikalen, og andre liknande ting. Han prøvar å blande seg i mest mogleg av det som skjer, både korleis scena skal sjå ut og korleis filmane skal høyrast ut. Enkelt og greitt, kallar han seg sjølv ”ei potet”!

Blod, sveitte og tårer
Det er mykje stress, mykje slit og særs mykje arbeid som må gjerast rundt musikaltida. Men alt i alt, seier Jan Terje at det er fantastisk å få vere med på dette prosjektet. Han seier han ser eit vanvittig engasjement i både musikkelevar, medieelevar og kollegaer, og dette er ein kjempeopptur kvart einaste år. Det er ei veldig spesiell og flott tid, der ein får oppleve eit samhald utanom det vanlege.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *