Vegen til musikalen

*Sveinung Bjørnson Snipsøyr skal synge i koret under musikalen Sparkling Diamonds. Her under korøving saman med medelevar på musikklinja. Foto: Mari Torvund Måseide, MKVolda.

Kvart år set elevane ved Volda vidaregåande skule opp ein spanande musikal. Sveinung Bjørnson Snipsøyr frå Ulsteinvik er ein av mange som skal vere med i år. No er han i full sving med å førebu seg til premieren på musikalen Sparkling Diamonds 10. februar.

Tekst og foto: Mari Torvund Måseide, elev i 2MK ved Medium og kommunikasjon, Volda vgs

I den travle kvardagen til Sveinung som går 2. klasse på musikklinja i Volda, fekk eg tid til å intervjue han på den daglege bussturen heim til Ulsteinvik. 

Sveinung har lenge vore glad i musikk. Då han gjekk i 3. klasse på barneskulen begynte han på Ulstein kulturskule, der har han spelt både gitar og piano. Han gjekk der heilt til han starta på vidaregåande skule. 

– Eg ville byrje på musikklinja av fleire grunnar, ein av dei var at eg ville bli flinkare i instrumenta eg kunne frå kulturskulen.

Artikkelen er skriven av Mari Torvund Måseide på Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande, og er tidlegare publisert i Vikebladet/Vestposten.

Musikalen lokka

Då han var 13 år gammal begynte Sveinung på Tensing. Det var faktisk folk han møtte der, som fortalde han om den flotte musikklinja i Volda. 

– Dei øvde på songane dei skulle framføre, og fortalde om kva slags roller folk hadde i musikalen, fortel han. 

Han fekk høyre om det gode miljøet og dei kjekke prosjekta, slik som det årlege musikalprosjektet. Musikalen hadde óg ei framsyning i Ulsteinvik for ungdomskulen, der fekk han sjå kor kjekt dei han kjente hadde det. Ein av tinga han likar veldig godt med musikklinja, er kor samansveisa dei er. 

– Alle musikkelevane har korøving saman kvar onsdag og samarbeider om store prosjekt som kyrkjekonsert og musikalen. Det gjer oss til eit stort, felles miljø, seier Sveinung.

Jubileumsmusikal

I år skal musikalen handle om to miljø: punk og pastell. Punk og pastell liker begge å vere på same plass, men dei slit med å dele han. Gjennom historia som utspelar seg får dei forskjellige utfordringar som gjer at dei må jobbe saman. 

– I tillegg til å vere i koret, skal eg vere punk. Eg gler meg til å sjå skikkeleg tøff ut som ein av folka i det miljøet, seier han. 

Musikalen i år er ein jubileumsmusikal som markerer tretti år med musikalar frå Volda vidaregåande.  Det blir mykje bra musikk frå dei tidlegare musikalane som har vore, og det blir god breidde i sjanger og stemning. 

– Hell yeah, det blir bra, avsluttar Sveinung. 

Musikalen «Sparkling Diamonds» kan du sjå torsdag 12. februar på Ørsta kulturhus. Billettar til framsyningane finn du her.