– No er det vår tur til å skine

For tredje og siste gong står Solveig Fremmerlid Søvik på scena i Volda vgs-musikalen. Når «Sparkling Diamonds» har premiere 10.februar, er det ikkje berre ei framsyning, men ei avslutning på tre år med musikk, fellesskap og personleg vekst for henne.

Tekst: Maya Eikrem Nautvik, elev i 2MK ved Medium og kommunikasjon, Volda vgs

Solveig går tredje året på musikklinja ved Volda vgs. Då ho starta på vidaregåande var det først og fremst miljøet som lokka henne til linja.

– Eg valde musikklinja fordi eg hadde ein del felles vener som allereie gjekk der, og eg hadde høyrt at det var eit veldig bra miljø. I tillegg fekk eg generell studiekompetanse, men med ein litt gøyare kvardag, forklarar ho.

Musikk har alltid vore ein del av livet hennar, sjølv om interessa har kome til uttrykk på fleire måtar. 

– Eg har alltid vore veldig glad i musikk i ulike former. Teater og musikal har vore viktig, og eg gjekk på dans før. Dei siste åra har eg spelt i band og sunge mykje. Det er ein veldig fin måte å uttrykke seg sjølv på, seier ho.

Artikkelen er skriven av Maya Eikrem Nautvik på Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande, og er tidlegare publisert i Avisa Møre.

Spanande handling

I årets musikal Sparkling Diamonds spelar Solveig karakteren Alice, ein glad, utadvent og boblande figur.

– Ho er veldig positiv og veldig glad. Det er ei ganske teateraktig rolle der eg må by veldig på meg sjølv, ler ho, og legg til at ho gler seg mykje.

Musikalen tek publikum med inn i ei verd der to ulike miljø står mot kvarandre, den opprørske pønk-gjengen og den polerte pastell-gjengen. Allereie då elevane fekk vite temaet, kjende Solveig at dette var noko ho likte og synast virka spennande. 

– Eg synest at “to sider mot kvarandre” -temaet virka veldig kjekt. Med ein gong vi delte klassa i to, begynte vi allereie då å tulle med “team pønk” og “team pastell”, seier ho.

Ho fekk også assosiasjonar med kjende musikalunivers.

– Eg tenkte på både ‘West Side Story’ og ‘Teen Beach Movie’. Og så er handlinga lagt til 80-talet, som eg er veldig glad i, spesielt når det kjem til klede og slikt.

Sjølv om ho spelar ein karakter i pastell-miljøet, kjenner ho ikkje seg heilt igjen i merkelappane. 

– Eg vil ikkje seie at eg verken er pønk eller pastell. Dei fleste er vel eigentleg ei blanding. Men rivalisering er noko ein møter overalt, og det er spennande å formidle, seier ho.

For Solveig er bodskapen i Sparkling Diamonds både aktuell og viktig. 

– Musikalen handlar om at sjølv om vi er ulike, kan vi samarbeide og leve i samhald. Det er mykje polarisering i verda no, både politisk og i samfunnet generelt, og då er dette ein viktig bodskap, seier ho. 

God utvikling

At dette er hennar siste musikal på vidaregåande, gjer prosjektet ekstra spesielt. 

– Det er veldig trist, eigentleg. Samtidig er det veldig gøy, for no er det vår tur til å få skine. Tidligare år har vi sunge mykje i kor, men no er det noko heilt anna, seier ho. 

Gjennom tre år på musikklinja meiner Solveig at ho har utvikla seg mykje, både fagleg og personleg. 

– Eg har blitt mykje tryggare på å stå på scena og formidle noko. Eg starta med å spele bassgitar, men etter kvart bytta eg til song. No kjenner eg meg mykje meir komfortabel med å synge framfor andre.

Ho opplever også at tida på vgs har gitt henne sterke relasjonar. 

– Eg har fått meg veldig mange gode nye vennar som eg trur eg kjem til å ha resten av livet. Det betyr veldig mykje for meg, seier ho.

Verdifullt samarbeid

Musikalprosjektet er eit omfattande samarbeid mellom elevar på tvers av trinn og linjer. Musikkelevane har ansvar for musikk, dans og drama, der dei ulike trinna er fordelt på meir eller mindre faste oppgåver.  

– Det er vanskeleg å fordele ein så stor produksjon mellom alle, og ikkje alle kan få store roller. Men eg synest musikklinja er flink til å inkludere. I tillegg til å vere i koret er andreklassingane med i band og song, og førsteklassingane dansar. Alle får ein plass, seier ho.

Medielinja spelar også ei sentral rolle under musikalveka. Elevane her har ansvar for den grafiske produksjonen, og å dokumentere og formidle arbeidet både før og under framsyningane. Dei produserer mellom anna saker til lokalavisene, innhald til musikalnettsida og tek seg av marknadsføring på sosiale medium. Under framsyningane står dei og for konsertfoto, fleirkameraproduksjon og digitale kulissar.

Det er ein hektisk periode for elevane, med mykje øving og stort ansvar.  

– Det vanskelegaste er å få tid til å slappe av. Alle er so gira, og ein merker kanskje ikkje at ein er sliten før det verkeleg seier stopp. Samtidig er det veldig kjekt. Vi blir betre kjent på tvers av klassene, og med medielinja også, fortel Solveig.

Når teppet går ned for siste gong, veit Solveig at det kjem til å bli emosjonelt.

– Eg trur eg kjem til å vere ganske lei meg. Kanskje forstår eg det ikkje med ein gong. Då blir det sikkert klemmerunde, sjølv om eg eigentleg ikkje er ein klemmar. Men kanskje akkurat då, seier ho. 

Ho håpar publikum sit igjen med både musikkglede og ein viktig bodskap etter framsyninga. 

– Eg håpar dei sit igjen med ein song på hjerna, at dei har kost seg musikalsk, og at bodskapen om samarbeid når fram.

For Solveig Fremmerlid Søvik markerar Sparkling Diamonds slutten på eit kapittel, men minna, erfaringane og musikken tek ho med seg vidare.