– Musikalkunst i høgaste klasse!

Det sa Ørsta-ordførar Per Are Sørheim etter å ha sett premieren av «Sparkling Diamonds» tysdag kveld.

TEKST : Åge André Breivik, Medium og Kommunikasjon, Volda vgs.

– Her er det talent, hardt arbeid, og eit glimrande samarbeid. De har levert glimt i auget, og augneblinkar me og ikkje minst de sjølve, kjem til å hugse lenge, sa han.

På scena stod dei om lag 110 elevane som er med på årets musikalprosjekt, og i salen dei 300 personane som fekk med seg premieren.

– Med 30-årsmarkeringa viser de at dette er ein tradisjon, de viser at me treng desse linjene på Volda vidaregåande skule. De viser at me treng dei kreative faga, ikkje sant Anders?

Med eit nikk til fylkesordførar Anders Rise viste Sørheim at han set pris på linjene som står bak Musikalen.

– Stolt!

Fylkesordføraren var samd i utspelet frå Sørheim, etter sin andre musikal i Volda vgs-regi.

– Eg er stolt fylkesordførar, og glad for at eg fekk kome hit igjen i år. Eg gler meg allereie til neste år når Musikalen skal på turne, sa han frå scena.

For etter 20 år med Ørsta kulturhus som base for Musikalen er det no mykje som tyder på at siste framsyningane til Volda vidaregåande blir spelte torsdag kveld.

Musikalen starta i 1997, då musikklinja hadde fått med sitt andre kull. Dei ti fyrste åra gjekk framsyningane på Volda samfunnshus, før dei vart flytta til Ørsta kulturhus. I tillegg har det vore enkeltår der Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik og Fosnavåg konserthus har stått på turnelista. I 2022 var det Volda Campus Arena som var vertskap for musikalprosjektet.

– Treff tida me lever i

– Innhaldet treff noko djupt i den tida me lever i. Det handlar om å finne plassen sin, om å bli sett, og å finne eit fellesskap, sa Volda-ordførar Sølvi Dimmen.

Ho trekte fram handlinga i «Sparkling Diamonds», der ungdom prøver å finne seg sjølv, finne ut korleis dei passar inn, og korleis dei kan passe saman med andre.

– Takk for motet, takk for arbeidet, takk for at de minner oss om at kultur, fellesskap og unge stemmer betyr noko, sa Dimmen.

Følg med på musikalen.no for fleire bilde og meir stoff frå «Sparkling Diamonds».

Du kan kjøpe billettar til framsyningane onsdag og torsdag kveld her.