Katta er ute av sekken! 1. september fekk musikk- og medieelevane endeleg vite kva som vert tema for MUSIKALEN 2027.

TEKST: Håvard Krøvel-Velle
FOTO/VIDEO: Håvard Krøvel-Velle, Maya Eikrem Nautvik, Ma Ortiz
Tittel på årets musikal vert Shape of My Heart, med musikken til Sting og The Police. Manus er skrive av musikklærar Gunnar Sigve Aurdal, og Marit Lid Skorstad vil igjen stå for regien.
I løpet av hausten vert det fyrst auditions og fokus på kyrkjekonserten til musikklinja, men etter den startar musikalarbeidet for fullt – på både musikk- og medielinja. Følg med på musikalen.no og @musikalenvoldavgs på sosiale medium framover!
Nedanfor kan du sjå eit biletgalleri frå lanseringa (klikk på bileta for å sjå bilettekstar i fullskjerm), og ein kort videosnutt til slutt.










