Kulissegalleri

Dei digitale kulissene i år skilte seg sterkt ut frå fjorårets. Der me i fjor bevegde oss frå sjørøvarskip og jungel til både verdsrommet og jordas indre, var kulissene i år 100% abstrakte.

Tekst: Håvard Krøvel-Velle | Foto: Åge André Breivik

Visuelle effekter i programmet MadMapper vart styrt manuelt til tempo og stemning i låtane. Og som bakteppe gjennom heile handlinga låg teksturane frå logoen – pønk til venstre og pastell til høgre. Desse nærma seg på symbolsk vis kvarandre, scene for scene, til dei møttest på midten i siste scene.

Nedanfor kan du sjå eit galleri av dei digitale kulissene for kvar scene, bortsett frå kulissene til låta Stand Up – dei gløymde me å fotografere (men de kan sjå miniatyrbilete av desse i kulisseskjemaet lenger nede). Og aller nedst kan du sjå timelapse av elevane som styrte dei digitale kulissene med stødig hand i år, Oskar Markiewicz og Odin Tvergrov Nilsen.

Kulisseskjema

Nedanfor ser du skjemaet elevane brukar under framsyningane. I tillegg har me markert cues i manus, og me har også oversikter over alle knappar, vridarar og glidebrytarar me nyttar på MIDI-kontrolleren som styrer kulissene. Elevane køyrer også alle lydeffektene. Mykje å halde styr på med andre ord!

Kulissecam

Nedanfor kan du sjå ein high-speed timelapse av Oskar og Odin (og lærar Håvard) som styrer dei digitale kulissene.