Koreografien spelar ei viktig rolle for korleis musikalen framstår og kva bodskap som skal bli formidla. MU-elevane dansar seg gjennom forestillinga med glans og hardt arbeid, og i årets “Sparkling Diamonds” får vi, i motsetnad til dei siste åra, sjå eit innslag koreografert av MU-elevar.
TEKST: Anna Julie Eikrem Røys | FOTO: Sivert Botolv Halkjelsvik Folkestad
Matheo Vindfjell, elev i 2MU, er ein av dei som skal danse på scena under årets musikal. Matheo har dansa i fleire år, og det er ei stor ære å få danse under musikalen.
– Eg syns at alle bør prøve å danse på musikalen. For det er det gøyaste, seier han.

Det er 1MU som har hovudansvaret for dans, men ein får sjå elevar frå alle trinna danse rundt på scena gjennom forestillinga. Fleire av innslaga er klassevis, men elevane må ha tett samarbeid for å få historia til å flyte mellom scenene. Det er i hovudsak danselærar Renata Nagy Vynikalova og musikklærar Marit Lid Skorstad som står bak koreografi og regi til det som skjer på scena.
– Marit og Renata kan veldig fort ombestemme seg, fordi dei finn noko som er litt kulare, held Matheo fram.

I år har nokre av MU-elevane fått koreografere eit eige hip hop-innslag. Det er Marit Hovland, elev i 2MU, og Anne Stave, elev i 3MU, som står bak koreografien til songen “They Don`t Care About Us” av Michael Jackson. Begge elevane har gått på hip hop-dans, saman med resten av MU-gruppa som skal framføre dansen.
– Eg syns det var kjekt å bli spurt om å koreografere, seier Anne.
– Det var veldig stas å bli spurt, held Marit fram. Jentene er nesten ferdige med koreografien, på berre om lag fem timar med godt samarbeid.
Elevane er klare for ein fantastisk musikal, etter veker med intensivt arbeid for å få på plass dansesteg, timing, skodespel og alt anna av store og små detaljar til premieredagen på Ørsta kulturhus 10. februar.
