
Årets musikal, «Sparkling Diamonds», blir beskriven av elevane som variert, fargerik og spanande. Musikalen har premiere 10. februar, og både elevar og lærarar ved Volda vidaregåande gler seg til å vise fram ei fantastisk førestilling på Ørsta kulturhus. Ein av desse elevane er Ylva Thorine Thon, som går siste året på musikklinja.
Tekst: Anna Julie Eikrem Røys, elev i 3MK ved Medium og kommunikasjon, Volda vgs (Artikkelen er tidlegare publisert i Mørenytt.)
Ylva går i tredje klasse, og har vore med på musikalen to gongar tidlegare. Då har ho stått i koret, og vore med på dansane på scena. I år skal ho spele trompet i orkesteret saman med ti andre medelevar, noko ho ikkje har gjort under musikalen før. Å spele i orkester er noko ho trivst godt med, og orkesterøvingane gler ho seg til.
– Det blir veldig kjekt å spele i orkester, med mange flinke musikarar. Veldig kjekke folk å spele saman med, seier Ylva.
Ylva er fornøgd med musikkvala til musikalen. I år er det nemleg jubileumsmusikal, og ein vil høyre låtar som har vore brukte i tidlegare musikalar.
– Eg syns dette er den musikalen med best musikk. Og veldig variert musikk, ikkje minst. Det er veldig kjekk musikk å spele, seier Ylva. Ho meiner publikum kan forvente ein artig musikal, med mange kjente låtar.

Men for tredjeklassingane er det ikkje berre jubel og glede som følgjer med årets musikal. Det er siste musikalen dei skal vere med på, noko Ylva syns er litt bittersøtt.
– Det er veldig trist. Det har ikkje heilt gått opp for meg enda. Men det er veldig kjekt å få ha den siste musikalen der eg gjer noko eg synst er ekstra kjekt, seier Ylva.
I årets musikal kan publikum vente seg mykje nytt, og mykje kjent. Det vil bli mykje fargar og kontrastar, kule kostymer og variert musikk. Med andre ord – ei spektakulær førestilling 10.-12. februar på Ørsta kulturhus!
Billettar til torsdagsframsyningane finn du på Ørsta kulturhus sine nettsider.
