– Det er god handplukka musikk

“Bak den tunge scenedøra på Ørsta kulturhus er det trangt om plassen. Kostyma heng tett i tett. Og oppi alt står Madelen Riste Ellis (17). Ho ventar, for snart skal ho ut på scena.” Dette var henne for berre eit år sidan, og no om berre to dagar er det klart for ein ny original musikal som ho skal vere ein del av: Sparkling Diamonds.

TEKST OG FOTO: Synnøve Margrethe Rusten

Denne saka var publisert i Synste Møre torsdag 29.januar

Musikalen er ikkje eit vanleg skuleprosjekt. For kvart år går musikkelevane ved Volda Vidaregåande skule saman for å skape det vi kjenner som musikalen. Dette i samarbeid med medielinja, som står for film, foto, marknadsføring og digitale kulissar, medan musikkelevane fyller scena med song, dans og skodespel. Musikalprosjektet involverer til saman 130 elevar og lærarar. Det har blitt ein årleg tradisjon som har halde det gåande i 30 år, og er det største samarbeidsprosjektet ved skulen.

* Madelen Riste Ellis (17), elev i 2MU ved Volda Vidaregåande skule.  FOTO: Synnøve Margrethe Rusten

Fjorårets musikalsuksess

Blant musikkelevane vert oppgåvene for musikalen fordelt slik at 3.klassingane får dei største rollene, med store låtnummer og replikkar, medan 1. og 2.klassingane syng i koret og/eller dansar, fortel Madelen.

Kan du fortelje litt om musikalen du var med på i fjor?

– Ja, i fjor song eg i koret og var med på to dansar. Den første var med alle jentene i klassa, ein type hiphop-greie, veldig synkronisert. Den andre var ein «slowdance». Og etter den jentedansen, låg eg igjen på scena, så eigentleg så “acta” eg og – Eg måtte halte ut av scena, så det var liksom min «moment of glory».

Synest du det er kjekt å danse framfor eit publikum?

– Ja, ikkje at eg har gjort det så mykje anna enn på  musikalen, men det var jo kjekt.  

Og det er jo ein ganske kjekk prosess – berre det å øve til musikalen.

Kva blir oppgåvene dine for årets musikal?

– Synge i kor, og danse i ein dans.

Kunne du tenkt deg å hatt ei større rolle i 3.klasse?

– Eg er framleis litt usikker, men eg står mellom det å då ha ei «ordentleg» rolle eller det å spele i bandet.

Bandet eller orkesteret er ein essensiell del av musikalen. Mange trur at det er playback som blir gjort under musikalen, men bak sceneteppet gøymer det seg ei gruppe dyktige musikkelevar som tek for seg spelinga. 

* Laurdag formiddag 24.januar hadde musikkelevane gjennomgang av dans og låtar til musikalen. Her ser vi elevane på korøving. FOTO. Synnøve Margrethe Rusten

Tidleg musikkinteresse

Interessa for musikk og instrument har alltid vore der, og dette får ho vist fram på musikklinja i Volda. Ho begynte å lære seg gitar ved kulturskulen allereie som 3.klassing og i 10.klasse. Og no får ho vise seg fram både på skulen, og på dei årlege huskonsertane som musikkelevane arrangerer.

– Eg spelar gitar. Eg har òg det grunnleggande av trommer, og det har faktisk påverka spelinga mi, i den grad har eg blitt meir rytmisk. Eg kan også litt piano, men eg skal ikkje seie eg er så flink der. Eg er ganske interessert i instrument generelt. 

Madelen har vakse opp i ein musikkprega heim, der foreldra har vist både støtte og interesse for den musikalske dottera. Høg lyd har aldri vore eit problem, og ho har fått moglegheita til å utforske og uttrykke seg med fleire ulike instrument oppigjennom, noko ho meiner ikkje er sjølvsagt for alle.

– Ein grunn til at eg fekk moglegheita til å kunne prøve meg på gitar, og spesielt trommebiten da, er fordi pappa hadde alltid lyst på fleire interesse, og ville ha med meg også. Det er mange som ikkje får lov å spele trommer berre fordi foreldra er imot støyet.  

Kor kjem interessa di for musikk frå?

– Altså begge brødrene mine spelte gitar. Men eg trur at eg sett meir pris på gitar og det å kunne spele gitar. Sjølv om eg ikkje blir profesjonell gitarist, så kan eg ha det som ein hobby. Det blir som mi eiga verd som eg kan flyte inni viss eg kjeder meg. Du kan alltid spele gitar dersom du ikkje kappar av alle fingrane dine.

* Interessa for musikk og instrument har alltid vore der. FOTO: Synnøve Margrethe Rusten

Skule og musikal

Madelen går no andre året på Volda vidaregåande skule. Då ho byrja visste ho lite om kva musikklinja eigentleg gjekk ut på. Ho hadde høyrt om musikalprosjektet på førehand, men var ikkje klar over kor stort og profesjonelt arbeidet faktisk er. Det var hospiteringa som fekk Madelen til å søkje på musikklinja.

– Eg var her på hospitering, Der var hyggelege elevar som hadde hospitering med oss, i tillegg likar eg musikk, ja musikk det kan bli gøy! Men eg visste overraskande lite om musikklinja då eg søkte, og til og med kom inn.

Kva har overraska deg mest med arbeidet i musikalen? 

– Eigentleg heile showet. Musikalen i seg sjølv, det overraska meg kor bra det var, liksom kor profesjonelt det blei. Og det var verkeleg ei oppleving.

Kvifor bør folk sjå musikalen? 

– Det er alltid kule storylines, den er ikkje minst underhaldande og det er god handplukka musikk. 

Det som starta med ei nysgjerrig hospitering har utvikla seg til ei oppleving Madelen kjem til å hugse lenge. Musikalen har premiere 10. februar på Ørsta kulturhus, og lovar eit engasjerande, underhaldande og profesjonelt show. Vi håper mange tek turen og ser resultatet av det store arbeidet.