“Love of my life” spelar frå høgtalaren, lav latter og knising høyrast mellom dansestega. Førebuingane til Musikalen 2026 er i full gong, og vi tel ned dagane til “Sparkling Diamonds”, med premiere på Ørsta kulturhus 10. februar.
TEKST: Anna Julie Eikrem Røys | FOTO: Sivert Botolv Halkjelsvik Folkestad
– Eg trudde det kom til å vere mykje meir stressande å øve til Musikalen, men det har gått veldig fint til no, seier Sigrid Frøland Ryste, elev i 1MU.

Sigrid skal ilag med venninnene Leah Selvik Klungsøyr og Julia Egge Grimstad danse og stå i kor under Musikalen. Jentene syns det er veldig kjekt å øve på dansane dei skal framføre om omlag ein månad. 1MU har øvd på dansane til Musikalen i ei veke, og allereie godt på veg. Jentene gler seg til å framføre for første gong på premieredagen på Ørsta kulturhus, og har stor tru på at framføringane blir bra.
– Eg trur ikkje Musikalen kjem til å skuffe nokon, fortset Sigrid.
Jentene er også godt i gong med å finne fram kostyme. Årets scene blir fylt med kontrastar og fargar, og kostyma er tydeleg inspirerte av ulike klesstilar. Det er omtrent éin månad igjen til den store premieredagen, og det jobbast for å få alt klart til ei like fantastisk forestilling som alltid.

