Årets logo og plakat

– Sjølv om pønk og pastell er to forskjellige gjengar, så kjem dei i hop på midten, seier Sara Øen Leirvik om kva årets logo prøver å formidle. Saman med Oskar Markiewicz står dei to bak den visuelle profilen til årets musikal.

TEKST og FOTO: Håvard Krøvel-Velle

Oskar følgjer opp med å nemne korleis stjerneskotet kan symbolisere elevane og korleis dei gjennom musikalen skyt av gårde som stjerneskot inn i framtida og karrieren vidare. Dette er i tråd med musikklærarane sin tanke bak jubileumsmusikalen, der den skinnande diamanten representerer både tidlegare, noverande og komande elevar.

Om prosessen

– Det gjekk eigentleg treigt og dårleg i starten, seier Oskar. Men straks dei landa idéen om diamanten og grafikken bak, så losna det.

– Og så var det å presentere det for lærarane, og då likte dei godt idéen vår, seier Sara. Etter presentasjonen var det difor berre å gjere nokre små justeringar, og så kunne det lagast både plakat, t-skjortemotiv og animert vignett til musikal-TV.