– Alt byrjar å pusle seg saman!

Dette seier Jakobine Reiten, elev i 2MU og dansar på scena under musikalen. Det er siste innspurt med øving i festsalen på skulen før vi flyttar oss til Ørsta kulturhus, og elevane er spente og nervøse.

TEKST og FOTO: Anna Julie Eikrem Røys

Fredag 7.februar var det klart for å setje saman alle pulsebitane til heilskapen som skal bli Sparkling Diamonds.

– Eg føler på skikkeleg mykje mestring, og berre mykje godheit. Alle er så motiverte for å få det til bra, og det er så kjekt at folk gir jernet mot innspurten, fortel Jakobine.

* Jakobine Reiten, midt i ei danserørsle i festsalen med solist og dansarar i bakgrunnen. FOTO: Anna Julie Eikrem Røys.

Ragna Hofset Kile frå 3MU er dansar og har ein sentral funksjon i handlinga.

– Eg føler på mykje spenning, ein del adrenalin. Det er tredje gongen eg er med på musikalen, så eg veit at det blir gøy. Det blir kjempesosialt, og det er kjempegøy å stå på scena og berre få gjere det vi likar best, seier Ragna Hofset Kile, elev i 3MU. 

* Ragna Hofset Kile i forgrunnen, med MK-teamet til høgre og MU-elevar til venstre. FOTO: Anna Julie Eikrem Røys.

Matheo Vindfjell frå 2MU skal både danse og synge i kor. Han kjenner at det kan røyne på etter ein lang øvingsdag, men storkosar seg.

– Eg er sliten, men det er ganske gøy med musikal, så eg må berre halde ut. Eg har veldig store forventningar, så håper eg ikkje blir skuffa. Men det tvilar eg på, seier Matheo.

* Matheo Vindfjell (nummer 3 frå venstre i forgrunnen) i ei danserørsle i festsalen. FOTO: Anna Julie Eikrem Røys.

Emine Miria Nærø Ytterland går i 3MU, og har vore med på musikal to gongar tidlegare.

– Eg føler meg veldig gira, litt stressa, men eg kosar meg. Litt blanding av alt. Eg forventar at musikalveka blir veldig kjekk, det har jo vore veldig kjekt dei to andre åra med det sosiale og framføringa av musikalen, seier Emine.

* Emine Miria Nærø Ytterland (med mikrofon i forgrunnen) som opnar og skal lese frå papirrullen som kjem som rørpost. FOTO: Anna Julie Eikrem Røys.

Ander Hammer Rekdal, Andreas Vinsrygg Vadstein og Tymur Baraban i 2MU spelar alle i orkesteret.

– Eg føler på enorm glede, og det er så gøy å spele ilag med andre.Det er heilt fantastisk, og eg storkosar meg, og det er så gøy å kunne vere ein del av dette. Eg forventar at det blir den beste musikalen vi nokon gong har hatt! seier Anders.

– Eg elskar Anders! ropar Andreas.

* Anders Hammer Rekdal (nummer 1 frå venstre) på trommer under øving i festsalen. FOTO: Anna Julie Eikrem Røys.

– Eg føler meg fantastisk. Det er kjempefint å spele i orkester med heilt fantastiske folk. Det blir ein bra og emosjonell musikal, seier Tymur. 

* Tymur Baraban på fiolin under musikaløving i festsalen. FOTO: Anna Julie Eikrem Røys.

– Eg er litt sliten, og litt svolten, og litt trøtt. Men det går bra, fordi til sist så blir musikalen bra. Det blir ein veldig bra musikal, og ei veldig god oppleving for alle oss som står på scena, seier Sveinung Bjørnson Snipsøyr, elev i 2MU. 

* Sveinung Bjørnson Snipsøyr (nummer 2 frå høgre) som følgjer nøye med på dansarane i festsalen. FOTO: Anna Julie Eikrem Røys.

Maja Romestrand Hjelle frå 3MU skal oppleve musikalsirkuset for siste gong i år.

– Eg føler at eg er ganske gira på musikalen, det blir skikkeleg gøy. Eg trur det kjem til å vere ein veldig fin opplevelse, litt slitsamt, men også veldig gøy, seier Maja.

* Maja Romestrand Hjelle i forgrunnen, mens elevane i bakgrunnen fokuserer på det som skjer på scena. FOTO: Anna Julie Eikrem Røys.