Dei digitale kulissene kjem best til sin rett i kombinasjon med lys, lyd, musikk – og alt som foregår på scena. Her er likevel eit galleri med alle dei digitale kulissene heilt for seg sjølv.
Tekst: Håvard Krøvel-Velle | Foto: Åge André Breivik
Sjølve scenografien med dei lagdelte presenningane er det Jiří Nagy som står bak. Scenografien og rekvisittane elles har vore eit samarbeid mellom Kirsten Ragnhild Grimstad, Marit Lid Skorstad og Jan Terje Eidset (mellom anna korleis dei to flyttbare tårna skulle nyttast). Dei digitale kulissene som vert projisert på scenografien står Håvard Krøvel-Velle bak, med god hjelp i idéutviklinga frå elevar med valfag Grafisk design på vg2, med elevar frå både 2MK1 og 2KDA (illustrasjonane til teikneserien er laga av Eirill Langdal Hovde og Ester Henine Hatlen i 2KDA). Polina Slavova Stoykova og Mariia Stepanian i 3MK1 styrte dei digitale kulissene og lydeffektane live under framsyningane (sjå kulissecam av dei to i aksjon nedst i saka).
Klikk på bileta for å sjå dei i full storleik med bilettekst.











































