No nærmar vi oss slutten på musikalveka, men her er det framleis full rulle! Kos deg med enda ei episode av Musikal-TV.
I denne sendinga får vi møte nokon som ikkje er så synlige under framsyninga, nemleg bandet. Vi får òg høyre ein eksklusiv versjon av «Oompa loompa». I tillegg får vi erfare korleis det er å vere backstage – både som elev og lærar. Og kva hadde musikalen vore utan dei visuelle effektene? Møt dei talentfulle elevane som styrer dei digitale kulissene vi får sjå på scena.
Var litt usikker på kva meir vi skulle skrive. Vi fann ikkje Åge.
Jaja, sendinga er iallefall laga av Ask Homberset, Nora Pauline Hovden Remøy, Astri Celine Berge og Sivert Botolv Halkjelsvik Folkestad.