MUSIKALEN 2025

Fullsett premiere på Musikalen 2025

– Tusen takk for ein fantastisk kveld! Det har vore heilt fantastisk å vere her, sa fylkesordførar Anders Riise etter at premieren på Musikalen 2025 var unnagjort. 

Tekst: Åge André Breivik

Riise vart dermed den fyrste sitjande fylkesordføraren som fekk med seg Musikalen til Volda vidaregåande skule. 

– Eg vil på vegne av fylkeskommunen, som fylkesordførar, få takke dykk alle saman, takk for at de i publikum kom og høyrde på. Det er garantert ingen som er skuffa. To timar med eit show utan like, de må vere stolte. Eg som fylkesordførar er stolt, og eg gler meg til å kome tilbake til Fylkesutvalet og fortelje om denne framsyninga. Det var ei verdig framsyning som eg skal ta med meg, og snakke varmt om dykk i tida som kjem, sa han begeistra.

Og det var eit begeistra, fullsett Ørsta kulturhus som fekk med seg fyrste framsyning av “The Ultimate Adventures of Maria Mythica Musique”. Musikalen er skriven av produsent Jan Terje Eidset, som fekk med seg blomar frå Volda-ordførar Sølvi Dimmen.

– Tusen takk for ei fantastisk og festleg framsyning! Eg har kost meg kvart sekund eg har site oppi her. Gratulerer til elevar, lærarar og foreldra, sa ho etter framsyninga.

Volda-ordførar Sølvi Dimmen delte ut blomar til manusforfattar og produsent Jan Terje Eidset etter premieren tysdag. Foto: Åge André Breivik.

Dimmen var glad for å sjå samarbeidet mellom linjene som står bak Musikalen. 

– Me er bra heldige som har ein vidaregåande skule med desse linjene, der ungdom med desse interessene kan få utvikle seg. Ungdom frå heile søre Sunnmøre, me er kjempeglade for at de, lærarane og skulen er her og gir oss desse opplevingane år etter år, sa ho. 

  • Ikkje kjøpt billett endå? Følg lenkene nedst i artikkelen for billettar til onsdag og torsdag.

“The Ultimate Adventures of Maria Mythica Musique” hadde urpremiere tysdag kveld. Elevane held fram med to framsyningar onsdag kveld og to torsdag kveld. Verdt eit besøk, skal ein tru ordførarane på premierebesøk.

Blomar til bauta

– Det er klart, når ungdom frå søre Sunnmøre møtast, så måtte dette bli magisk, og det vart det, sa Ørsta-ordførar Per Are Sørheim. 

Ørsta-ordførar Per Are Sørheim hadde med blomar til musikalveteran Hildur Sandstad Dalen. Foto: Dorthea Sævik Bjørneset.

– For å få til ei framsyning som denne, så er det nokon som står bak. Og det er eit fantastisk dyktig lærarkorps på Volda vidaregåande. Dette skjer ikkje utan ein profesjonalitet og ei dyktigheit som er heilt unik. Dette er den 28. musikalen i rekkja, og ei som har vore med heile tida fortener å få ein blome. Det er Hildur Sandstad Dalen, sa han.

“The Ultimate Adventures of Maria Mythica Musique” er den 28. musikalen i rekkja frå Volda vidaregåande skule. Eventyret starta med ein versjon av West Side Story i 1997. Deretter har det gått slag i slag, med Hildur med på laget heile vegen. 

– Eg er fyrst og fremst veldig imponert over elevane som får til dette, men bak står det eit lærarkorps som får hjelpe dei med å få til dette på ein god måte. Så stor honnør til dei. Me skal bringe dette tilbake til fylkesutvalet og til dei på kulturavdelinga på fylket, og seie kor flinke dei har vore her, sa fylkesordførar Anders Riise etter at teppet gjekk att. 

Om lag 100 elevar er med på prosjektet, som er eit samarbeidsprosjekt mellom linjene “Musikk, dans og drama” og “Medium og kommunikasjon”. 

Fleire favorittar

Fylkesordføraren fekk med seg nokre favorittar på vegen heim. 

– Eg likte veldig godt sekvensen i jungelen, den var flott. Men så var det frykteleg artig med Dsjengis Khan då. Litt sirkus må ein ha, og litt alvor var det der. Og eg er veldig glad i alt som er 80-tals, sa han. 

Musikalen 2025 flyttar seg i tid og rom. Tittelfiguren Maria dukkar opp i situasjonar ho ikkje er klar for, og som overraskar dei ho møter like mykje. Ei god blanding av skjemt og alvor, som freista fylkesordføraren til å kome oftare. 

– Ja, dette var så pass bra, at dette skal eg prøve å få med meg seinare også. Eg liker kultur. Me må ha noko å leve for, ikkje berre å leve av. Dette er absolutt noko som gir meirverdi, sa Riise.

KJØP BILLETT!