Det sa rektor Trond Hjelseth då han kom på scena etter premieren på “The Ultimate Magical Adventures of Maria Mythica Musique” tysdag kveld.
TEKST: Åge André Breivik
Den nyskrivne Musikalen markerer nemleg eit jubileum for begge linjene som er involverte i prosjektet.
– Det som er så fantastisk er at de leverer ei framsyning der medielinja og musikklinja så fantastisk spelar i lag. Det er 30-årsjubileum for musikklinja. Det er 25-årsjubileum for medielinja, og dette her var eit dobbeltjubileum verdig!
- Billett til framsyningane onsdag og torsdag finn du ved å klikke på lenkene nedst i artikkelen.

Rektor var tydeleg imponert over elevane sine på og rundt scena etter den 28. musikalen i rekkja, og tok med dei involverte lærarane også si skryten sin.
– Alle de fortener blomst, men den fylkeskommunale økonomien er elendig, sa han.
Med seg på scena hadde han både ordførarane i Ørsta og Volda, samt fylkesordføraren.
- LES MEIR OM DEIRA OPPLEVING HER: – Tusen takk for ein fantastisk kveld!
“The Ultimate Magical Adventures of Maria Mythica Musique” går føre seg i mange parallelle univers. Tittelkarakteren reiser gjennom tid og rom for å finne løysinga på mysteriet ho er sett overfor.
– Kjære alle saman. Dette var eventyrleg magisk. For ei reise. Eg gler meg allereie til eg får sjå dette saman med barnebarnet mitt, han kjem til å elske det me har fått sjå, Ei reise i digitale kulisser som trumfar alt eg har sett tidlegare, sa rektor.
- Sjå fleire bilde frå jubileumsmarkeringa her:





