Det sa banksjef Mette Ryste i Sparebank 1 SMN då ho vitja Ørsta kulturhus måndag ettermiddag. Saman med Sparebanken Møre og Sparebanken Vest er dei ei viktig støtte for å gjennomføre prosjektet.
– Dette var heilt fantastisk! Koseleg stemning, og veldig mange flinke ungdomar. Alle får bidra i små og store roller, sa kunderådgjevar i personmarknaden hjå Sparebanken Vest, Anja Woldsund Thompson.

Anja Woldsund Thompson er kunderådgjevar i personmarknaden hjå Sparebanken Vest. Måndag besøkte ho Ørsta kulturhus. Foto: Åge André Breivik.
Banken er med på å støtte små og store prosjekt rundt i regionen som ein del av samfunnsutbyttet dei deler ut.
– Me synst Musikalen er ein viktig ting for dei som veks opp her, seier ho.
Måndag vitja representantar frå bankane kulturhuset under ei av dei siste gjennomkøyringane før premieren tysdag kveld.
– Dette er veldig proft. Eg var ikkje å såg i fjor, men eg trur eg må ha meg ein tur i år. For det er imponerande kvalitet her inne, meinte Sindre Monsholm. Han er banksjef for personmarknaden i Sparebanken Møre.
- Har ikkje du skaffa billett endå? Nedst i artikkelen finn du lenker direkte til framsyningane tysdag, onsdag og torsdag.
– Det er noko med at veldig mange får vere med på dette, med forskjellige roller. Nokon syng, andre dansar, og nokre korar. Me i banken kjenner oss godt att i det, at alle skal med, seier Monsholm.

– Dette er veldig proft, meinte Sindre Monsholm. Han er banksjef for personmarknaden i Sparebanken Møre. Foto: Åge André Breivik.
Om lag 100 elevar frå heile søre Sunnmøre er med på Musikalen 2025. Prosjektet er eit samarbeid mellom linjene Musikk, dans og drama og Medium og kommunikasjon.
- LES OM SAMARBEIDET HER: 2MK1 på reise til det ville vesten
Elevar på alle tre årstrinna er med på og rundt scena.
– Det er fantastisk å ha ein slik inkluderingsarena, der ein kan vere med over så lang tid og skape eit produkt som er så bra, og som ein blir så stolt av, seier Mette Ryste. Ho er banksjef for personmarknaden i Sparebank 1 SMN i Volda.
– Det er fantastisk å ha ein slik inkluderingsarena, seier Mette Ryste. Ho er banksjef for personmarknaden i Sparebank 1 SMN i Volda. Foto: Åge André Breivik.

– Me har vore med i veldig mange år, og me ser at dette er ein kjempeviktig arena for ungdom å få prøve seg, å kome opp på ei scene. Nokre får ein mikrofon, nokre dansar, andre skriv og lagar artiklar og bildemateriell. Det er så mange som leverer. Eg trur det er viktig at me har slike gode arenaer til å trene på slikt. Sånn kan dei få testa ut om dette er noko dei vil drive med seinare i livet, seier ho.
Støtta frå bankane gjer at det profesjonelle nivået kan haldast ved like år etter år, med proff scene, lys og lyd, og at prisane på Musikalen kan haldast på eit nivå som gjer at publikum får det med seg.
– Desse unge elevane her treng å få utfalde seg på ei proff scene slik som her. Det forstår me at det kostar pengar, og at me då kan bidra til at det kan gjerast på dette nivået, då er det verdt å bruke pengar på det, seier Monsholm i Sparebanken Møre.