MUSIKALEN 2025

Korleis notane blir til

Kirsten Ragnhild Grimstad ser fram til å vise fram musikalen for publikum

Det kan ikkje bli nokon god musikal utan god musikk. Korleis klarer ein å finne gode musikalske songar som passar inn i The Ultimate Magical Adventures of Maria Mythica Musique? Musikklærar Kirsten Ragnhild Grimstad fortel om korleis dei har kome fram til årets musikkutval.

Tekst og foto: Sivert Botolv Halkjelsvik Folkestad

– Vi brukar litt forskjellege måtar når vi skal vi velje kva sangar som skal med i musikalane. Nokre gongar har vi hatt ein artist eller eit band, som vi byggjer opp ei historie rundt. Men det vi har gjort dei siste åra er ein litt sånn “Jukeboks musikal” der vi vel ut mykje forskjelleg, seier Kirsten Ragnhild.

Historia først, musikken etterpå

I tidlegare musikalar har det ofte blitt valt ut ein spesifikk artist til å dekkje heile musikkutvalet, og deretter byggjer historia seg opp etter songane til artisten. Allereie i fjor hadde musikalen “Hello Goodbye” eit slikt oppsett med songane frå The Beatles i sentrum. Likevel har det vore mykje meir vanleg å heller konstruere historia først, og deretter finne songane som passar.  

– Det som kom først i år var i grunnen historia, eller dei ulike scenene, og det begynte vi allereie å snakke om på fjorårets musikal at “vi vil ha sjørøvarar”, og så kom det ei sjørøvarscene, og så ville vi til verdsrommet, og så stakk vi til verdsrommet, fortel Kirsten Ragnhild.

Ein vanskeleg prosess

Sjølv om scenene kom lett til musikklærarane, så var det vanskelegare å finne dei perfekte songane til musikalen. Lærarane og bandet hadde god erfaring med kva som kunne fungere, men lista blei likevel berre lengre og lengre.

– Vi hadde etter kvart opp mot 50 forskjellege songar, kanskje 46, seier Kirsten Ragnhild. 

I årets musikal skal færre sangar ha fullt kor enn det som har vore vanleg. I tidlegare år har heile musikkoret stått på scena gjennom heile musikalen, men i år skal ein mykje større del av songane ha berre solistar eller mindre korgrupper som syng i staden for heile koret. 

God musikal med god variasjon

Kirsten Ragnhild ser likevel optimistisk på musikalen i år, sjølv om det kanskje blir litt meir komplisert med å organisere elevane backstage.

– Det kan bli litt meir å organisere backstage for å få på dei rette folka til rett tid. Det er det vi øver på å få god oversikt over. Det blir i allefall litt variasjon, og variasjon er ikkje dumt, avsluttar ho.

KJØP BILLETT!