MUSIKALEN 2025

Musikal-TV: Episode 3

Endelig er vi på plass i Ørsta kulturhus, med ei rykande fersk episode av Musikal-TV! Idag får vi omvisning av MK-lærar Håvard Krøvel-Velle, som kjenner alle krikar og krokar av kulturhuset. 

Vi får også sjå litt av produksjonen av kostymer og rekvisittar, rigginga i Ørsta og ein videosnutt med om lærarane som er involvert i årets musikal. Og ikkje minst; vi får eit eksklusivt møte med ein viktig karakter i musikalen – Tronaldo Dump!

Sendinga er laga av Nora Pauline Hovden Remøy, Ask Homberset, Astri Celine Berge og Stine Elise kalland Nærø i 3MK.

KJØP BILLETT!