MUSIKALEN 2025

På skulen i helga

* Framsidebilete: Fyrsteklassing Sveinung Bjørnson Snipsøyr.

Tekst, foto og video: Sara Øen Leirvik

– Another øving on saturday, another MU-linja slay! seier Sveinung Bjørnson Snipsøyr (1MU1) om øvinga til musikalen på laurdag 25.01.

Denne laurdagen var fyrste dagen av øvingshelga til musikalen The Ultimimate Magical Adventures of Maria Mythica Musique, som har premiere om kort tid. Stemninga i festsalen er prega av fokus og energi medan elevane jobbar seg gjennom musikalen kronologisk.

Jobbar hardt

I festsalen øver elevane kronologisk gjennom musikalen. Premiera på den nye musikalen The Ultimimate Magical Adventures of Maria Mythica Musique nærmar seg, og elevane jobbar hardt for at det skal bli så bra som mogleg.

Golvet i festsalen er nøye markert med teip for å illustrere scenekanten på Ørsta kulturhus. Innanfor desse rammene byrjar årets musikal å ta form, frå ide og nokre få øvingar i klasserom, til ei ferdig forestilling for publikum. Koreograf Renata Nagy Vynikalove og regissør Marit Lid Skorstad instruerer elevane om kvar dei skal stå og kva dei skal gjere. Alle elementa til musikalen byrjar å falle på plass.

Godt humør 

Sveinung går fyrste året på utdanningsprogram for Musikk, dans og drama ved Volda vgs. På musikalen skal han synge i kor og danse til nokre songar. Humøret hans er på topp, sjølv om han måtte tidleg opp på ein laurdags morgon for å øve til musikalen.

Både elevane og intruktørane dedikerer innsats til musikalen for at det skal bli ei uforgløymeleg oppleving for publikumet også i år. Nedanfor kan du sjå både biletgalleri og video frå øvingshelga.

NB! Me eig ikkje rettane til musikken som er brukt i videoen (Ten Duel Commandments av Leslie Odom jr. og Lin-Manuel Miranda).

KJØP BILLETT!