* Framsidebilete: Kvegtjuvar i sikte! Medieelev Stine Elise Kalland Nærø fotograferer musikkelevane Solveig Aasen Grimstad og Pia Slåttelid Jensen.
Tekst: Ricardo Djupvik Vattøy, 2MK1 | Foto: Odin Tvergrov Nilsen, 2MK1
Den 17. januar var klasse 3MU1 i full gang med ein spennande photoshoot i regi av klasse 3MK1. Bileta som vert tatt under dette fotooppdraget skal brukast i programheftet som publikum får utdelt på musikalframsyningane.
I kulissene har det vore god stemning og mykje latter, og med kvart bilete som vert tatt ser det ut til at spenninga stig for både modellane og lærarane.
Det er tydeleg at samarbeidet mellom MU og MK har vore både inspirerande og givande. Nedanfor kan du sjå eit biletgalleri som fangar litt av stemninga for årets musikal.
Klikk på bileta for å sjå dei i full storleik med bilettekst.









