* Framsidebilete: Skjermbilete frå testfilm, som du kan sjå nedst i saka.
Tekst og foto: Oskar Markiewicz, 2MK1
No har musikalarbeidet starta for fullt, og i år har klasse 2MK1 mellom anna fått i oppdrag å filme ein «westernsekvens» til musikalen. I den samanheng har MK fått låne høgskulen sin enorme greenscreen-duk for å få effekten av at ein verkeleg er i det ville vesten.
Videoen 2MK1 lagar skal vere eit utgangspunkt for det reelle oppdraget, slik at dei kjapt og enkelt kan filme desse scenene med dei ekte aktørane frå 3MU1 seinare. 2MK1 blei delt i to grupper slik at det vart produsert to referansevideoar denne dagen.
– Dette er ein kjekk start på musikalåret, og eg gler meg til komande oppgåver!» seier Ricardo Djupvik Vattøy i 2MK1.

* Her ser vi «kjeltringane» bundne saman, Ricardo nærast kamera og Odin bakerst (Foto: Oskar Markiewicz).
Elevane tykkjer dette prosjektet er veldig gøy, og har kome godt inn i musikalstemninga allereie. Nedanfor kan du sjå eit biletgalleri av gruppe 1 i aksjon, og nedst i saka kan du sjå eine referansevideoen som vart laga.
Klikk på bileta for å sjå dei i full storleik med bilettekst.

















Referansefilm
Her ser vi sluttreferansevideoen med materialet fra gruppe 1.