Det sa rektor Trond Hjelseth etter at dei kreative linjene ved Volda vidaregåande skule hadde gjennomført premieren på «Life, Actually» måndag kveld.
TEKST OG FOTO: Åge Andre Breivik
– Mange vidaregåande skular med musikklinje gjer dette berre annakvart eller kvart tredje år. Takk for at de gjer det kvart år, sa han, vendt mot elevane på scena.
Med det var premieren på jubileumsframsyninga «Life, Actually» fullført. Den tjuefemte musikalen feirer livet og alle kjenslene me møter på, og er samstundes ei feiring av eit nyopna samfunn.
– Det som framstår som spesielt for meg er at Musikalen 2020 var noko av det siste som vart gjennomført før landet stengte ned. Musikalen 2022 er noko av det fyrste som skjer etter at me opnar opp att, sa Hjelseth.
Med i jubileumsfeiringa høyrer også Medium og kommunikasjon med. Linja har vore tjue år ved Volda vidaregåande skule, og har vore ein viktig medspelar i musikalprosjektet.
– Det lyftar showet, og det er ei glede berre det som skjer av lyd og lys på scena, sa rektor.
Det er dei tre kreative linjene ved Volda vidaregåande skule som står bak musikalprosjektet. Det heile starta på samfunnshuset i Volda i 1997, då musikklinja framførte sin versjon av «West Side Story». Etter nokre år kom Medium og kommunikasjon med på produksjonen, før Kunst, design og arkitektur vart med på laget for nokre musikalar sidan.
– Eg er mektig imponert over elevar, lærarar, kulisser og musikk. For eit team! Det er rett og slett proft, og eg trur de har gleda mange i dag, sa Volda-ordførar Sølvi Dimmen då ho overtok mikrofonen.
Ordføraren gledde seg over at folk fekk sitje tett, både i publikum og på scena.
– Me tek liva våre tilbake, med alle kjensler det ber med seg. Eg har smilt og eg har hatt tårer i augo, sa ho.
– I dag kan me juble over minst tre ting. At de kan opptre igjen, og at me kan vere samla å sjå på dykk. Me kan juble over den fantastiske Musikalen. De over at de er komne i mål, og me over at de framfører den for oss. Så er eg veldig stolt over at de endeleg kan framføre Musikalen i Volda! Det starta på Samfunnshuset, så vaks de ut frå Volda-samfunnet. Men no er me her. Det har vore så leit at me ikkje har kunne vore her, men no er Volda vidaregåande skule på heimebane.
Musikalen held fram med framsyningar tysdag og onsdag kveld. Du kan kjøpe billettar på nettsida til Volda Campus Sparebank 1 Arena, eller i døra før framsyningane.
– Tusen takk for denne opplevinga. Kjenn på gleda inn i dei neste framsyningane og inn i framtida. De er gull, avslutta ordførar Sølvi Dimmen.
Billettar kan du kjøpe her:
- Tysdag 15. februar kl. 18.00
- Tysdag 15.februar kl. 20.00
- Onsdag 16.februar kl. 18.00
- Onsdag 16. februar kl. 20.00
- MERK: Det blir også selt billettar i døra.